1Ve dei som tenkjer ut urett
og emnar på vondt
medan dei ligg på si lege!
Dei set det i verk når det ljosnar av dag,
fordi det står i deira makt.
2Dei trår etter marker og røvar dei,
etter hus og tek dei.
Dei slår under seg mann og hus,
bonden og hans eigedom.
3Difor seier Herren:
Eg tenkjer ut ei ulukke mot denne ætta,
den kan de aldri fria dykk frå.
De skal ikkje lenger gå stolte ikring,
for det vert ei vond tid.
4Den dagen skal dei syngja ei nidvise
og setja i med ein klagesong over dykk.
«Det er ute med oss,» skal dei seia,
«vi er herja og øydelagde!
Jorda åt folket mitt skifter eigar.
Å, han har teke markene frå oss
og delt dei ut til fråfalne!»
5Då skal det ikkje finnast nokon i Herrens lyd
som kastar lodd
og deler ut jord til andre.
6«Hald opp med å preika!» seier dei.
«Ingen må preika så.
Tek skjellsorda aldri slutt?»
7Korleis er det du talar, Jakobs hus?
Har Herren mist tolmodet?
Er det så han fer fram?
Har eg ikkje venlege ord
til dei som ferdast rett?
8Lenge har folket mitt bore seg fiendsleg åt.
De dreg kappa av fredelege folk;
dei som ferdast trygt, vert krigsfangar.
9De driv kvinnene i folket mitt bort
frå heimane dei var glade i.
De har for alle tider
teke mi ære frå borna deira.
10Stå opp og far bort herifrå!
Dette er ingen kvilestad,
for her er ureinskap
som valdar skade og tyning.
11Kom det ein mann som fór med laust snakk
og tala lygn og svik:
«Eg spår for deg om vin og drikk»,
sjå, det var ein profet for dette folket! Herren vil samla Israels rest
12Eg vil samla dykk alle, Jakob.
Eg vil samla Israels rest,
føra dei saman som sauer i ei kve,
som ein bøling på beite,
– ein ståkande flokk av menneske.
13Han som brøyter veg, går føre dei;
dei bryt seg gjennom porten og fer ut.
Kongen deira går føre dei,
Herren sjølv går i brodden for dei.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.