Daniel 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Veren og bukken

1I det tredje året Belsasar var konge, fekk eg, Daniel, eit syn; det kom ei tid etter det førre.

3Då eg såg opp, fekk eg auga på ein ver som stod attmed elva. Han hadde to horn. Begge var store, men det eine var større enn det andre, og det største voks fram sist.

4Eg såg veren stanga mot vest, mot nord og mot sør. Det fanst ikkje dyr som kunne stå seg mot han, og ingen kunne berga or hans vald. Veren bar seg åt som han ville, og fekk stor makt.

5Medan eg stod og såg på dette, kom det ein bukk frå vest. Han fór fram over heile jorda utan å koma nær marka. Bukken hadde eit stort horn i skallen.

6Han kom bort til veren med dei to horna, den eg såg attmed elva, og fór imot han med styrlaus kraft.

7Eg såg korleis han kom heilt bort til veren, stanga til han i sinne og braut begge horna hans. Veren hadde ikkje kraft til å stå seg imot han. Bukken kasta han til jorda og trakka på han, og ingen kunne berga veren frå hans makt.

8Bukken fekk stor makt. Men nett då han var på det sterkaste, vart det store hornet avbrote, og det voks opp fire andre horn i staden, eitt for kvar av dei fire himmelretningane.

11Jamvel mot hovdingen over hæren briska det seg. Det tok frå han det daglege offeret, og staden der heilagdomen hans står, vart vanæra.

13Så høyrde eg ein av dei heilage tala, og ein annan heilag spurde han som tala: «Kor lenge gjeld synet om det daglege offeret og den øydeleggjande synda, og kor lenge skal heilagdom og gudsdyrking gjevast over til nedtrakking?»

14Han sa til meg: «Til dess det har gått to tusen tre hundre kveldar og morgonar. Då skal heilagdomen få att sin rett.»

15Då eg, Daniel, hadde hatt dette synet og freista å skjøna det, stod det brått framfor meg ein skapnad som såg ut som ein mann.

16Og over Ulai høyrde eg ei menneskerøyst som ropa: «Gabriel, forklar synet for denne mannen!»

22Når dette hornet vart avbrote, og det voks opp fire andre i staden, tyder det at det skal koma fire kongerike av folket hans, men dei skal ikkje ha same kraft som han.

23Ved slutten av herredømet deira, når brotsmennene har fylt syndemålet sitt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og sleip tunge.

24Han skal få stor makt, men ikkje ved eiga kraft. Han skal gjera uhyggjeleg skade og ha lukka med seg i det han tek seg føre. Han skal gjera ende på mektige menn og folket av dei heilage.

25Fordi han er klok, skal svikarferda lukkast for han. Han skal vera stor i eigne tankar og rydja ut mange når dei minst ventar det. Han skal reisa seg mot hovdingen over hovdingane og verta knust, men ikkje ved menneskehand.

26Det er sant, dette synet om kveldar og morgonar som her er fortalt. Du skal gøyma på synet, for det peikar langt fram i tida.»

27Eg, Daniel, var sjuk i fleire dagar. Så stod eg opp og gjorde mi teneste hjå kongen. Eg var lamslegen av synet og skjøna det ikkje.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help