1Då Jesus hadde tala alle desse orda, sa han til læresveinane:
2«De veit at om to dagar er det påske; då skal Menneskesonen overgjevast til krossfesting.»
8Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik øyding tena til?
9Denne salven kunne vore seld for mange pengar til hjelp for dei fattige.»
10Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor er de leie med henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg.
11Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid.
31Då seier Jesus til dei: «I natt kjem de alle til å venda dykk frå meg. For det står skrive: Hyrdingen slår eg, og saueflokken skal spreiast.
36Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går bort der og bed.» Jesus vert teken til fange(Mark 14,43–50; Luk 22,47–53; Joh 18,2–11)
47Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar; dei kom frå overprestane og dei eldste i folket.
48Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta.»
49Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han.
50Men Jesus sa til han: «Gjer det du er komen for, venen min!» No kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.
51Ein av dei som var med han, drog då sverdet, hogg etter tenaren åt øvstepresten og sneidde øyra av han.
52Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For den som grip til sverd, skal falla for sverd.
54Men korleis skulle då skriftene oppfyllast, dei som seier at dette må henda?» Jesus for Det høge rådet(Mark 14,53–65; Luk 22,54–55.63–71; Joh 18,13–14.19–24)
57Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg.
58Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene, for han ville sjå korleis det kom til å enda.
59Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden.
60Men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på han. Til sist kom det to
61som sa: «Denne mannen har sagt: Eg kan riva ned Guds tempel og byggja det opp att på tre dagar.»
66Kva meiner de?» Dei svara: «Han er skuldig til å døy.» 3 Mos 24,16; Joh 19,7
67Så spytta dei han i andletet og slo han med nevane. Andre slo han på kinnet Jes 50,6
68og sa: «No kan du vera profet, Messias, og seia kven som slo deg!»
Peter fornektar Jesus(Mark 14,66–72; Luk 22,56–62; Joh 18,15–18.25–27)69Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei av tenestjentene bort til han og sa: «Du òg var saman med Jesus frå Galilea.»
70Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du talar om.»
71Så gjekk han ut i portkvelven. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.»
72Peter nekta atter og svor: «Eg kjenner ikkje denne mannen!»
73Eit lite bel etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Ja menn er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.»
74Då tok han til å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Med det same gol hanen. 26,34
75Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.