Sakarja 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Bokrullen

1Då eg lyfte augo att, fekk eg sjå ein flygande bokrull.

4Eg sender ut forbanninga,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Ho skal koma inn i huset til tjuven

og inn i huset til den

som gjer rang eid ved mitt namn,

og ho skal slå seg til i huset deira

og øydeleggja det, både treverk og stein.

Kvinna i efa-målet

5Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no augo og sjå kva som der kjem fram.»

6Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det som der kjem fram, er eit efa-mål.» Så sa han: «Dette er det ein kan sjå i heile landet.»

7Men sjå, då blyloket vart lyft opp, sat det ei kvinne i efa-målet.

8«Dette er vondskapen,» sa han. Så kasta han henne ned att i efa-målet og la blysteinen over opninga.

9Eg lyfte augo og fekk sjå to kvinner som kom fram. Vinden fylte vengene deira, for dei var som storkevenger. Dei lyfte efa-målet opp mellom himmel og jord.

10Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med efa-målet?»

11Han svara: «Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne. Når det er ferdig, skal ho setjast ned der på sin stad.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help