Salmane 60 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Har Gud vraka Israel?

1Til korleiaren. Etter «Vitnemåls-lilja». Ein miktam. Til lærdom. Av David,

2då han låg i strid med aramearane frå Mesopotamia og aramearane frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusen edomittar i Saltdalen.

3Du har støytt oss bort, Gud, og slege oss.

Du var harm, men reis oss opp att!

4Du lét landet skjelva og rivna.

Bøt no brestene! Det står for fall.

5Du lét folket ditt lida hardt,

og gav oss ein vin så vi tumla.

6Men for dei som ottast deg,

har du reist ei fane;

dit kan dei røma for bogen. Sela

7Hjelp oss med di høgre hand,

svar oss, så dine kjære vert berga.

8Gud har tala i sin heilagdom:

«Med jubel vil eg skifta ut Sikem

og mæla opp Sukkot-dalen.

9Meg høyrer Gilead og Manasse til,

Efraim er hjelmen på mitt hovud,

og Juda er min styrarstav.

10Men Moab er mitt vaskefat,

på Edom kastar eg min sko.

Eg triumferer over Filistarlandet.»

11Kven fører meg til festningsbyen,

kven leier meg til Edom?

12Er det ikkje du, Gud, som vraka oss

og ikkje drog ut med våre hærar?

13Gjev oss hjelp mot fienden!

Hjelp frå menneske duger ikkje.

14Med Guds hjelp skal vi gjera storverk.

Han skal trakka våre fiendar ned.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help