Markus 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Mannen frå gravholene(Matt 8,28–34; Luk 8,26–39)

1Så kom dei over til hi sida av sjøen, til Gerasenar-landet.

2Med det same Jesus steig ut or båten, kom det ein mann imot han frå gravholene. Han hadde ei urein ånd i seg

3og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lekkjer.

4For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lekkjer, men han hadde rive lekkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han.

5Natt og dag var han i gravholene og i fjella og skreik og slo seg sjølv med steinar.

6Då han fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han

7og ropa høgt: «Kva har du med meg å gjera, Jesus, Son åt Den Høgste Gud? For Guds skuld, pin meg ikkje!»

10Og han naudbad Jesus at han ikkje måtte driva dei ut or bygda.

11No gjekk det ein stor svineflokk og beitte der attmed fjellet,

12og dei ureine åndene bad han: «Send oss bort til svina, så vi kan fara inn i dei!»

13Det gav han dei lov til. Då fór dei ureine åndene ut or mannen og inn i svina, og heile flokken, om lag to tusen dyr, sette utfor stupet og ned i sjøen, og der drukna dei.

14Dei som gjætte svina, sprang av stad og fortalde om det i byen og grendene omkring. Og folk drog ut og ville sjå kva som hadde hendt.

15Då dei kom fram til Jesus, fekk dei sjå den forgjorde sitja der påkledd og med sitt fulle vit, han som hadde hatt alle åndene i seg. Då vart dei redde.

16Og då dei som hadde sett på, fortalde korleis det hadde bore til med den forgjorde og med svina,

17bad folket Jesus at han måtte dra bort frå bygdene deira.

18Då Jesus gjekk i båten, bad den forgjorde om å få vera med han.

19Jesus gav han ikkje lov til det, men sa: «Gå heim til folket ditt, og fortel dei kor store ting Herren har gjort for deg, og kor god han har vore mot deg!»

20Men han gjekk av stad og tok til å fortelja rundt ikring i Dekapolis om alt det Jesus hadde gjort for han. Og alle undra seg.Dotter til Jairus og kvinna som tok i Jesu kappe(Matt 9,18–26; Luk 8,40–56)

21Jesus fór atter over til hi sida med båten, og mykje folk samla seg om han. Medan han var nede ved sjøen,

22kom ein synagogeforstandar, som heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans

23og bad han inderleg: «Veslejenta mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne, så ho kan verta frisk og få leva.»

35Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset åt synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er slokna. Kvifor umakar du meisteren lenger?»

36Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!»

37Så lét han ingen annan få vera med enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help