Salmane 21 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Signing og lukke for kongen

1Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2Herre! Kongen gleder seg over di makt.

Kor høgt han jublar over di hjelp!

3Du har gjeve han det hans hjarta ynskjer,

og ikkje nekta han det han bed om.

4Ja, du har møtt han med signing og lukke,

sett ei krone av gull på hans hovud.

5Han bad deg om liv, og du gav han det,

levedagar som aldri tek ende.

6Hans ære er stor, fordi du hjelpte han,

høgd og heider har du gjeve han.

7Du lèt han for alltid verta til signing

og fyller han med glede når du er nær.

8For kongen set si lit til Herren.

Han står støtt, for Den Høgste er trufast.

9Di hand skal finna alle dine fiendar,

di høgre skal nå dei som hatar deg.

10Du lagar eit logande bål av dei

så snart du viser deg.

Herren tyner dei i sin vreide,

elden et dei opp.

11Du rydjar ut deira born frå jorda,

deira etterkomarar frå manneætta.

12Når dei legg vonde planar mot deg,

og tenkjer på svik,

skal det ikkje lukkast.

13For du får dei til å røma

når du siktar på dei med bogen.

14Reis deg, Herre, i ditt velde!

Med song og spel vil vi prisa ditt storverk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help