Salmane 43 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Hjelp meg til min rett og før mi sak

mot folk som ikkje viser miskunn!

Fri meg, Gud, frå menneske

som fer med svik og vondskap!

2For du er mitt vern, Gud.

Kvifor har du støytt meg bort?

Kvifor må eg gå og syrgja

medan fienden plagar meg?

3Send ditt ljos og di sanning,

lat dei leia meg

og føra meg til ditt heilage fjell,

til dine bustader.

4Så kan eg gå til Herrens altar,

til Gud, mi glede og min jubel,

og syngja din pris til lyra,

Herre, du min Gud.

5Kvifor er du full av uro, mi sjel,

kvifor stormar det i meg?

Vent på Gud! For endå ein gong

skal eg takka han, min frelsar og min Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help