Jeremia 22 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Domsord til kongehuset

1Så sa Herren: Gå ned til Juda-kongens hus! Der skal du tala dette ordet:

2Høyr Herrens ord, du Juda-konge, som sit på Davids kongsstol, både du og mennene dine og folket ditt, alle de som går inn gjennom desse portane.

3Så seier Herren: Gjer rett og rettferd! Fri den som er rana, or valdsmannens hand; ver ikkje harde med innflyttarar, farlause og enkjer, og bruk ikkje vald mot dei; renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden!

4Så sant de lever etter dette ordet, skal kongar som sit på Davids kongsstol og køyrer med vogner og hestar, koma inn gjennom portane til dette huset, både dei og mennene deira og folket deira.

Du var for meg som Gilead,

som toppen av Libanon.

Men eg gjer deg sanneleg til ei øydemark,

lik byar der ingen bur.

7Til krig imot deg vigslar eg menn

som herjar, kvar med sitt våpen.

Dei skal fella dine gjævaste sedrar

og kasta dei på elden.

8Når folk frå mange land fer framom byen, skal dei spørja kvarandre: «Kvifor har Herren fare såleis åt med denne store byen?»

11For så seier Herren om Juda-kongen Sjallum, son til Josjia, han som vart konge etter Josjia, far sin:

Han som fór bort frå denne staden,

skal aldri koma att.

12For han skal døy på den staden

dei førte han bort til som fange;

og dette landet skal han aldri meir få sjå. Ve kong Jojakim!

13Ve han som byggjer sitt hus med urett,

sine høgsalar med urettferd,

han som lèt sin landsmann træla for inkje

og ikkje gjev han den løn han skal ha.

14Han seier:

«Eg vil byggja eit romsleg hus

med luftige salar i øvste høgda.»

Så høgg han ut vindaugo,

kler huset med sedertre og målar det raudt.

15Er det såleis du viser deg som konge

at du brikjer med sedertre?

Far din òg hadde mat og drikke,

men samstundes gjorde han rett og rettferd,

og då gjekk det han vel.

16Han hjelpte armingar

og fattigfolk

til deira rett – og det gjekk han vel.

Er ikkje det å kjenna meg?

lyder ordet frå Herren.

17Men du har ikkje syn og sans

for anna enn eiga vinning.

Du renner ut blodet åt skuldlause,

du fer med vald og mishandling.

18Difor seier Herren om Juda-kongen Jojakim, son til Josjia:

Ingen skal syrgja over han og seia:

«Å ve, bror min! Å ve, syster mi!»

Dei skal ikkje klaga over han og seia:

«Å ve, herre! Å ve, majestet!»

19Han skal få gravferd som eit esel;

dei skal slepa han bort

og slengja han frå seg

langt utanfor Jerusalems portar. Jerusalems ulukke

20Stig opp på Libanon og rop,

lat røysta di ljoma i Basan,

skrik ut frå Abarim-fjella,

for alle dine elskarar er knuste.

21Eg tala til deg då du var trygg,

men du sa: «Eg vil ikkje høyra.»

Det var di vis frå din ungdom

at du ikkje ville lyda meg.

22Stormen skal gjæta alle dine hyrdingar,

dine elskarar skal førast bort som fangar.

Då vert du til spott og skam

for alt det vonde du har gjort.

23Du som held til på Libanon

og har ditt reir i sedertrea,

kor du skal stynja når riene kjem over deg,

når du vert gripen av angst som ei fødande kvinne.

Ve kong Jojakin!

24Så sant eg lever, lyder ordet frå Herren: Om Juda-kongen Konja, son til Jojakim, var ein seglring på mi høgre hand, ville eg riva han av.

25Eg gjev deg over til dei som står deg etter livet, og som du gruar for, til babylonarkongen Nebukadnesar og kaldearane.

29Land, land, land, høyr Herrens ord!

30Så seier Herren:

Skriv denne mannen opp som barnlaus,

ein mann som ikkje har hatt hell i livet.

Ingen av hans ætt skal få den lukka

å sitja på Davids kongsstol

og atter råda over Juda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help