Esekiel 18 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kvar får att etter det han har gjort

1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2Korleis kan de bruka dette ordtaket i Israel:

Fedrane åt sure druer,

og borna fekk ringe tenner.

3Så sant eg lever, seier Herren Gud: De får ikkje bruka dette ordtaket meir i Israel.

4Eg rår for alt liv, både for far og son. Den som syndar, han skal døy.

5Om ein mann er rettferdig og gjer rett og rettferd,

6då et han ikkje offerkjøt på haugane og lyfter ikkje augo til avgudane som Israels-ætta dyrkar. Han krenkjer ikkje kona åt nesten sin og kjem ikkje nær ei kvinne når ho er urein.

21Når ein syndar vender om frå alle syndene sine, når han held alle mine føreskrifter og gjer rett og rettferd, då skal han ikkje døy, men leva.

22Alle misgjerningane hans skal vera gløymde. Han skal leva fordi han har gjort rett.

23Skulle eg ha hugnad i at den gudlause døyr? seier Herren Gud. Nei, eg vil at han skal venda om frå si ferd og leva.

24Men når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, allslags styggedom som dei gudlause gjer, skulle han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningar han har gjort, skal vera gløymde. Han skal døy fordi han var trulaus og synda.

25No vil de kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Høyr då, Israels ætt! Går eg ikkje fram på rett vis? Det er de som ikkje gjer rett. 33,17ff

26Når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, skal han døy på grunn av det. For den uretten han har gjort, skal han døy. 33,12.13

27Men når den gudlause vender om frå sin vondskap og gjer rett og rettferd, då skal han berga livet.

28Han såg alle syndene han hadde gjort, og vende om frå dei. Difor skal han ikkje døy, men leva. 33,15

29Atter vil israelittane seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Går eg ikkje fram på rett vis, israelittar? Det er de som ikkje gjer rett.

30Difor vil eg døma dykk, Israels ætt, så kvar og ein får att etter det han har gjort, lyder ordet frå Herren Gud. Vend om, vend om frå alle dykkar brot, så inga skuld skal fella dykk. Jes 55,7; Esek 33,11

31Hald opp med alle dei brot som de gjer dykk skuldige i, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! Kvifor vil de døy, de israelittar? Sal 51,12; Esek 11,19; 36,26

32Eg vil ikkje at nokon skal døy, seier Herren Gud. Vend om, så skal de leva!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help