1Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem
2og spurde: «Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han.»
6Du Betlehem i Juda land
er så visst ikkje den ringaste av fyrstane i Juda.
Frå deg skal det koma ein hovding,
som skal vera hyrding for Israel, folket mitt.»
7Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om tida då stjerna hadde synt seg
8Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og spør dykk føre om dette barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.»
9Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var.
10Då dei såg stjerna, vart dei overlag glade.
11Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.
16Då Herodes skjøna at vismennene hadde narra han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og lét dei drepa alle guteborn i Betlehem og grannelaget, dei som var to år eller yngre; dette var i samsvar med det han hadde fått vita av vismennene om tida.
17Då vart det oppfylt, det ordet som profeten Jeremia har tala:
18Det høyrdest eit rop i Rama,
gråt og høg klage;
Rakel gret over borna sine
og ansa ikkje trøystarord.
For borte er dei. Frå Egypt til Nasaret
19Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt
20og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og far til Israels-landet! For no er dei borte, dei som ville ta livet av barnet.»
21Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet.
22Men då han fekk høyra at Arkelaus hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og drog til Galilea.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.