1. Kongebok 19 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Elia på Horeb

1Akab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd.

5Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: «Stå opp og et!»

6Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att.

7Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.»

8Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet. Elisja vert kalla til profet

19Då Elia fór bort frå Horeb, møtte han Elisja, son til Sjafat, som heldt på og pløgde. Tolv par oksar gjekk føre han, og sjølv fylgde han siste paret. Med det same Elia gjekk framom, kasta han kappa si over han.

20Då lét Elisja oksane gå, sprang etter Elia og sa: «Lat meg fyrst få kyssa far og mor til avskil, så skal eg fylgja deg!» Elia svara: «Gå berre heim, du! For du veit kva eg har gjort med deg.» Luk 9,61

21Då snudde Elisja seg frå han. Han tok dei to oksane og slakta dei, og med åket koka han kjøtet. Det gav han til folket, og dei heldt måltid. Så reiste han seg og fylgde Elia, og han var tenaren hans.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help