Amos 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Så seier Herren:

For tre ugjerningar Moab har gjort,

ja, for fire tek eg ikkje att min dom.

For dei brende Edom-kongens bein til kalk.

2Men eg sender eld mot Moab,

han skal øyda borgene i Kerijot.

Moabittane skal døy i stridsgny,

medan hærrop lyder og horn gjallar.

3Eg rydjar ut han som styrer i landet,

og drep alle hovdingar saman med han,

seier Herren.

Domen over Juda og Israel

4Så seier Herren:

For tre ugjerningar Juda har gjort,

ja, for fire tek eg ikkje att min dom.

For dei vanvørde Herrens lov

og heldt ikkje hans føreskrifter,

men lét seg føra vilt av lygngudane,

som fedrane deira hadde fylgt.

5Men eg sender eld mot Juda,

han skal øyda borgene i Jerusalem.

6Så seier Herren:

For tre ugjerningar Israel har gjort,

ja, for fire tek eg ikkje att min dom.

For dei sel rettferdige for pengar

og fattigfolk for eit par skor.

7Dei trakkar småkårsfolks hovud i støvet

og trengjer dei hjelpelause bort frå vegen.

Ein mann og far hans går til same jenta

og vanhelgar såleis mitt heilage namn.

8Dei strekkjer seg på pantsette klede

attmed kvart altar,

og vin som dei har teke i bøter,

drikk dei i huset åt sin Gud.

9Og det var då eg

som rudde ut amorittane for dei,

dei som var høge som sedrar

og sterke som eiker.

Eg øydela frukta ovantil

og røtene nedantil.

10Det var eg som førte dykk opp frå Egypt

og leidde dykk i øydemarka i førti år,

så de kunne ta amorittlandet i eige.

11Eg gjorde nokre av sønene dykkar til profetar

og nokre av unggutane dykkar til nasirearar.

Er det ikkje så, de israelittar?

lyder ordet frå Herren.

12Men de gav nasirearane vin å drikka

og forbaud profetane å forkynna.

13Sjå, no lèt eg grunnen skaka under dykk

som under ei vogn full av korn.

14Den lettføtte finn ikkje livd,

den sterke får ikkje bruka si kraft,

og krigaren bergar ikkje sitt liv.

15Bogeskyttaren held ikkje stand,

den som er lett på foten, kjem ikkje unna,

og ryttaren bergar ikkje livet.

16Den djervaste av krigarane

skal røma naken den dagen,

lyder ordet frå Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help