Romarane 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Frelse for heidningane – frelse for Israel

1No spør eg: Har Gud støytt frå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins ættgrein.

Gud har gjeve dei ei sløv ånd,

augo som ikkje ser og øyro som ikkje høyrer,

heilt til denne dag.

9Og David seier:

Lat bordet deira verta ei snare og ei felle,

så dei snåvar og får si straff.

10Lat augo deira dimmast,

så dei ikkje kan sjå,

og lat ryggen deira vera bøygd for alltid.

11Så spør eg: Snåva dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane verta misunnelege på dei.

Frå Sion skal bergingsmannen koma,

han skal rydja gudløysa bort frå Jakob,

27og dette er den pakt eg vil gjera med dei

når eg tek bort syndene deira.

28På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, så de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld.

29For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing.

33Å, for eit djup av rikdom

og visdom og skjøn hjå Gud!

Kor uransakelege hans domar er,

og kor ufattelege hans vegar!

34Kven kjende Herrens tankar,

eller kven var rådgjevaren hans?

35Kven gav han noko fyrst,

så han skulle få vederlag?

36Av han og ved han og til han er alle ting.

Han skal ha ære i all æve! Amen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help