1Då opna Job munnen og forbanna fødedagen sin.
4Gjev den dagen vart stummande mørk!
Gjev Gud i det høge ikkje spurde etter han
og ljosstrålar aldri skein på han.
5Gjev kolmørker kravde han,
gjev skyer la seg over han
og solmørking skræmde han.
6Gjev tjukke mørkret tok den natta,
så ho ikkje fekk rom mellom årsens dagar
og ikkje kom med i månadstalet.
7Ja, gjev den natta vart utan frukt
og aldri vart helsa med jubel.
8Lat dei lysa forbanning over henne,
dei som manar fram ulukkedagar,
og som kan eggja opp Leviatan.
9Lat hennar morgonstjerner mørkjast,
lat henne venta på ljos som ikkje kjem,
lat henne aldri sjå morgonrodens strålar!
10For ho stengde ikkje morslivs dører for meg
og løynde ikkje møde og strev for mitt syn.
11Kvifor fekk eg ikkje døy då eg vart fødd,
kvifor slokna eg ikkje i fødestunda?
12Kvifor tok dei meg på fanget
og la meg til brystet så eg fekk mat?
13No kunne eg ha lege still
og sove i fred og ro
14saman med kongar og styresmenn
som bygde seg slott der det no er ruinar,
15eller med stormenn som åtte gull,
og fylte husa sine med sølv.
16Eller eg hadde ikkje vore til,
som eit nedgrave foster,
lik born som aldri såg dagsens ljos.
17Der rasar ikkje dei gudlause meir,
der kviler dei som har mist si kraft.
18Alle fangar kan ta det med ro,
dei høyrer ingen slavedrivar ropa.
19Der er små og store like,
og trælen er fri frå herren sin.
20Kvi gjev han ljos til den som lid,
kvi lèt han den ulukkelege få leva?
21Dei ventar fåfengt på døden
og søkjer han med større iver
enn ein grev etter løynde skattar.
22Dei ville gleda seg og jubla,
ja, fryda seg om dei fann ei grav.
23Dei er folk som ingen utveg ser,
Gud har stengt kvar stigen for dei.
24Mine sukkar har vorte mitt daglege brød,
mine klagerop strøymer som vatn.
25Dei redsler som eg fælte for, har råka meg,
no hender det eg grua for.
26Eg får ikkje fred, ikkje ro og kvile,
det kjem berre nye plager.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.