Matteus 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Undergjerningar(8,1–9,34)Den spedalske mannen(Mark 1,40–45; Luk 5,12–16)

1Så gjekk Jesus ned frå fjellet, og mykje folk fylgde han.

2Då kom det ein mann som var spedalsk, kasta seg ned for han og sa: «Herre, om du vil, kan du gjera meg rein.»

3Jesus rette ut handa, tok bortpå han og sa: «Eg vil, vert rein!» Og med det same vart han reinsa for sjukdomen sin.

4Då sa Jesus til han: «Sei ikkje dette til nokon, men gå og vis deg for presten og ber fram det offeret som Moses har gjeve påbod om. Det skal vera eit vitnemål for dei.»Offiseren i Kapernaum(Luk 7,1–10; Joh 4,46–53)

5Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp:

6«Herre,» sa han, «tenaren min ligg lam heime og lid vondt.»

7Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.»

8«Herre,» svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du stig inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att.

9For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.»

10Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som fylgde han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru. Peters vermor og andre sjuke(Mark 1,29–34; Luk 4,38–41)

14Då Jesus kom heim til Peter, fekk han sjå at vermor hans låg sjuk og hadde feber.

15Han tok henne i handa; då gav feberen seg, og ho stod opp og stelte for han.

16Om kvelden kom dei til han med mange som var forgjorde av vonde ånder. Han dreiv ut åndene med eit ord, og lækte alle som var sjuke.

17Såleis skulle det oppfyllast, det som er tala ved profeten Jesaja:

Han tok bort våre plager

og bar våre sjukdomar.

Jesus krev alt(Luk 9,57–60)

18Då Jesus såg alt folket som hadde samla seg ikring han, sa han til læresveinane: «Lat oss fara over til hi sida av sjøen.»

20Jesus svara: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet sitt på.» Jesus stiller stormen(Mark 4,35–41; Luk 8,22–25)

23Så gjekk han ut i båten, og læresveinane fylgde han.

24Brått bles det opp til storm på sjøen, og bylgjene slo over båten. Men Jesus sov.

25Då gjekk dei bort og vekte han og sa: «Herre, frels! Vi går under!»

29Dei sette i og ropa: «Kva har du med oss å gjera, du Guds Son? Er du komen hit for å pina oss før tida?»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help