1Herren sa til Moses:
2«Tal til Aron og sei: Når du set opp lampene, skal du laga det så at alle sju kastar ljoset beint fram for ljosestaken.»
5Herren sa til Moses:
6Du skal ta ut levittane mellom israelittane og reinsa dei.
7Såleis skal du fara åt når du reinsar dei: Du skal skvetta reinsingsvatn på dei. Så skal dei raka seg over heile kroppen og vaska kleda sine. Såleis skal dei reinsa seg.
11Aron skal via levittane for Herrens åsyn til eit offer frå folket, og så kan dei gjera teneste for Herren.
12Levittane skal leggja hendene på hovudet åt oksane. Den eine skal du ofra som syndoffer og den andre som brennoffer til Herren, og såleis skal du gjera soning for levittane.
13Du skal føra levittane fram for Aron og sønene hans og via dei, så dei vert eit offer til Herren.
14Såleis skal du skilja levittane ut frå dei andre israelittane, og dei skal høyra meg til.
15Sidan skal dei koma og gjera teneste ved møteteltet, etter at du har reinsa og vigt dei.
16For mellom israelittane er det dei som er heilt overlatne til meg. Eg har gjort dei til min eigedom i staden for alle dei fyrstefødde hjå israelittane, alle som kjem fyrst frå mors liv.
20Moses og Aron og heile Israelslyden gjorde alt dette med levittane. Dei gjorde i alle måtar så som Herren hadde sagt Moses føre.
21Levittane reinsa seg og vaska kleda sine. Aron vigde dei til eit offer åt Herren og gjorde soning for dei, så dei vart reine.
22Sidan kom levittane og gjorde teneste ved møteteltet, og Aron og sønene hans hadde tilsyn med dei. Som Herren hadde sagt Moses føre, så gjorde dei med levittane.
23Herren sa til Moses:
24Dette er lova som gjeld for levittane: Frå dei er tjuefem år gamle, skal dei koma og gjera teneste og arbeida ved møteteltet. 4,3
25Men når dei har fylt femti år, skal dei dra seg ut or tenesta og ikkje arbeida lenger.
26Dei kan hjelpa brørne sine med arbeidet ved møteteltet, men ikkje ha fast teneste. Såleis skal du ordna arbeidet åt levittane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.