Salmane 56 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kva kan menneske gjera meg?

1Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam av David, då filistarane greip han i Gat.

2Ver meg nådig, Gud!

Folk vil meg til livs,

stridsmenn trengjer meg heile dagen.

3Stendig høgg mine fiendar etter meg,

mange strider mot meg i hovmod.

4Når eg er redd, vil eg lita på deg,

5med Guds hjelp skal eg prisa hans ord.

Eg har tillit til Gud og er ikkje redd.

Kva kan vel menneske gjera meg?

6Dagen lang vil dei skada mi sak,

dei tenkjer på å gjera meg vondt.

7Dei slår seg saman og lurer på meg,

ja, dei vaktar mine steg,

for dei ynskjer å ta mitt liv.

8Men dei slepp ikkje unna, for dei er vonde.

Støyt folkeslag ned i din vreide, Gud!

9Du har skrive opp

korleis eg flakka ikring;

mine tårer har du samla i di flaske.

Står det ikkje i di bok?

10Så skal mine fiendar dra seg tilbake

den dagen eg ropar.

Det veit eg, at Gud er med meg.

11Med Guds hjelp skal eg prisa hans ord,

ja, ved Herren prisar eg ordet.

12Eg lit på Gud og er ikkje redd.

Kva kan vel menneske gjera meg?

13Eg må gjera det eg har lova deg, Gud,

eg vil koma til deg med takkoffer.

14For du har berga mitt liv frå døden

og fria min fot frå å snåva.

Så kan eg ferdast for Guds åsyn i livsens ljos.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help