2. Mosebok 36 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Dei som skal gjera arbeidet, er Besalel og Oholiab og alle dei menn som har givnad for det, som Herren har gjeve evner og skjøn, så dei forstår seg på alt det arbeidet som må til når heilagdomen skal reisast, heilt og fullt som Herren har sagt.

2Moses kalla Besalel og Oholiab og alle dei andre mennene som Herren hadde gjeve slike evner, og som kjende seg drivne til det, til å ta fatt på verket og fullføra det.

3Av Moses fekk dei alle dei gåvene som israelittane hadde gjeve til arbeidet med å reisa og fullføra heilagdomen. Men folket kom framleis til han med friviljuge gåver kvar morgon.

4Då kom alle handverkarane som gjorde ymse slag arbeid på heilagdomen, kvar frå det arbeidet han heldt på med,

5og sa til Moses: «Folket kjem med meir enn vi treng til det arbeidet Herren vil ha gjort.»

6Moses baud då at det skulle ropast ut i leiren: «Ingen, anten det er mann eller kvinne, skal koma med fleire gåver til arbeidet på heilagdomen.» Då kom ikkje folket med meir.

7Det dei hadde gjeve, var meir enn nok til å få arbeidet gjort.

Heilagdomen vert reist

8Alle handverkarane tok til å arbeida på heilagdomen. Dei laga han av ti teltdukar av fint, tvinna lingarn og fiolett, purpurraud og karmosinraud ull. I dukane var det innvove kjerubar i kunstvevnad. 26,1ff

9Kvar duk var tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane heldt same målet.

10Fem av dukane skøytte dei i hop, den eine med den andre, og like eins dei andre fem dukane.

11I kanten av den duken som var ytst på det eine ihopskøytte stykket, laga dei hemper av fiolett ull, og like eins i kanten av den ytste duken på det andre stykket.

12Femti hemper sette dei på den eine duken og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene sat midt for kvarandre.

13Og dei laga femti gullkrokar. Med dei hekta dei begge dukane saman, så det vart éin teltheilagdom av dei.

14Dei vov dukar av geiteragg til tak over teltet. Elleve slike dukar vov dei.

15Kvar duk var tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane heldt same målet.

16Fem av dukane skøytte dei i hop for seg, og seks for seg.

17I kanten av den ytste duken på det eine stykket sette dei femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper.

18Og dei laga femti bronsekrokar og feste dei to stykka saman, så det vart eitt telttak av dei.

19Sidan laga dei eit dekke av raudleta verskinn til å leggja over telttaket og eit dekke av delfinskinn til å leggja ovanpå det att.

20Plankane til heilagdomen laga dei av akasietre. Dei reiste dei på ende.

21Kvar planke var ti alner lang og halvanna alen brei.

22På kvar planke var det to tappar med ei tverrlist imellom. Såleis laga dei alle plankane i heilagdomen.

23Tjue av dei plankane som vart laga til heilagdomen, reiste dei på den sida som vender mot sør.

24Til dei tjue plankane laga dei førti fotstykke av sølv, to fotstykke under kvar planke, så dei to tappane kunne festast i dei.

25På den andre sida av heilagdomen, på nordsida, laga dei òg tjue plankar

26med førti fotstykke av sølv, to fotstykke under kvar planke.

27Til baksida av heilagdomen, mot vest, laga dei seks plankar.

28Og til kvart hjørne på same sida laga dei to plankar.

29Dei var doble nedst, og like eins øvst, ned til den fyrste ringen. Såleis laga dei plankane i dei to hjørna.

30Det vart åtte plankar med fotstykke av sølv, seksten fotstykke, to til kvar planke.

31Dei laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av heilagdomen,

32fem til plankane på den andre sida og fem til plankane på baksida av heilagdomen, mot vest.

33Midtstonga sette dei såleis at ho gjekk tvert over, frå ende til ende, midt på plankeveggen.

34Plankane kledde dei med gull, og ringane på dei, som tverrstengene skulle smøyast inn i, laga dei av gull. Tverrstengene kledde dei òg med gull.

35Dei laga eit forheng av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn. I forhenget vov dei inn kjerubar i kunstvevnad.

36Dei laga fire akasiestolpar til å hengja det på og kledde dei med gull; hakane på dei var av gull. Og dei støypte fire fotstykke av sølv til dei.

37Til teltdøra laga dei eit teppe av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, vove i mange leter.

38Til teppet laga dei fem stolpar med hakar. Stolpehovuda og stengene kledde dei med gull. Dei fem fotstykka var av bronse.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help