1Dette synet lét Herren meg sjå: To korger med fiken var sette framfor Herrens tempel. Det var etter at Nebukadnesar, kongen i Babylonia, hadde teke Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, og hovdingane i Juda, handverkarane og smedane, og ført dei bort frå Jerusalem til Babylon.
3Herren sa til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Fikenar. Dei gode fikenane er av beste slag, og dei ringe er av ringaste slag og kan ikkje etast.»
4Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
5Så seier Herren, Israels Gud: Som ein ser på desse gode fikenane, såleis ser eg med velvilje på dei bortførte frå Juda, dei som eg sende frå denne staden til Kaldearlandet.
8Men som ein gjer med ringe fikenar, så ringe at dei ikkje kan etast, seier Herren, såleis vil eg gjera med Juda-kongen Sidkia og hovdingane hans og resten av folket i Jerusalem, både dei som er att her i landet, og dei som no bur i Egypt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.