2. Samuelsbok 16 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Då David var komen eit lite stykke frametter på hi sida av åsryggen, fekk han auga på Siba, som var tenestemann hjå Mefibosjet; han kom imot han med eit par kløvesel. På dei førte han to hundre brød, hundre rosinkaker, hundre stykke sommarfrukt og ei hit med vin. 1 Kong 2,8

6og kasta stein både etter kongen og alle mennene hans, endå heile hæren og alle krigarane gjekk med han, somme på høgre og somme på venstre sida.

7Sjimi forbanna han og ropa: «Bort med deg! Bort med deg, din blodhund, ditt illmenne! 2 Mos 22,28

8No tek Herren hemn over deg for alt blodet som har runne i ætta til Saul. Du tok kongedømet frå han, men Herren har gjeve det til Absalom, son din. No får du att for vondskapen, din blodhund!»

9Då sa Abisjai Serujason til kongen: «Kvifor skal denne daude hunden forbanna deg, herre konge? Lat meg få gå bort og hogga hovudet av han.»

10Men kongen svara: «Kva har de med dette å gjera, Seruja-søner? Når han forbannar, er det fordi Herren har sagt til han: Forbann David! Kven kan då spørja: Kvifor gjer du det?»

11Så sa David til Abisjai og alle dei andre mennene sine: «De ser at min eigen son og etterkomar står meg etter livet. Kan ein då venta anna av denne benjaminitten? Lat han berre forbanna når Herren har sagt at han det skal.

12Kanskje Herren ser til meg i mi naud og lèt meg få noko godt att i staden for den forbanninga som er lyst over meg i dag.»

13Så heldt David og mennene hans fram etter vegen, medan Sjimi gjekk jamsides med han oppi åssida. Han forbanna David og kasta stein og jord etter han.

14Kongen og alle som var med han, kom trøytte fram til Jordan, og dei kvilte seg der.

Absalom i Jerusalem

15Imedan var Absalom komen til Jerusalem med heile flokken av israelittar. Akitofel var òg med.

16Då no Davids ven, Husjai av Arak-ætta, kom til Absalom, ropa han mot han: «Leve kongen! Leve kongen!» 1 Sam 10,24+

17Absalom sa til Husjai: «Er det såleis du viser venen din truskap? Kvifor fylgde du ikkje venen din?»

18Husjai svara: «Nei, den som Herren sjølv og dette folket og alle menn i Israel har valt, hans mann vil eg vera, og hjå han vil eg halda meg.

19Dessutan, kven er det eg går i teneste hjå? Er det ikkje hjå son hans? Som eg har tent far din, så vil eg tena deg òg.»

20Då sa Absalom til Akitofel: «No må de gje meg eit råd! Kva skal vi gjera?»

21Akitofel svara: «Gå og ligg med fylgjekonene til far din, dei han lét vera att her for å sjå etter huset. Når så heile Israel får høyra at du har gjort deg reint til uvens med far din, får dei mot, alle som fylgjer deg.» 15,16

22Då sette dei opp eit telt på taket for Absalom, og han gjekk inn, så heile Israel kunne sjå det, og låg med fylgjekonene til far sin.

23På den tid var eit råd frå Akitofel like gjævt som det ordet ein fekk når ein bad Gud om råd i ei sak. Så mykje talde Akitofels råd både for David og Absalom.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help