5. Mosebok 9 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren gjev siger

1Høyr, Israel! I dag skal du gå over Jordan, koma inn i landet og driva bort folkeslag som er større og sterkare enn du, og som har store byar med himmelhøge festningsmurar.

2Der er anakittane, som du kjenner, eit stort og høgvakse folk. Om dei har du høyrt det ordet: «Kven kan stå seg mot anakittane?»

4Når Herren din Gud driv dei ut for deg, må du ikkje tenkja som så: «Det er på grunn av mi eiga rettferd at Herren har late meg koma inn i dette landet og leggja det under meg.» Nei, Herren driv desse folkeslaga ut fordi dei er så gudlause. Israel gjorde Herren harm

7Kom i hug og gløym ikkje korleis du gjorde Herren din Gud harm i øydemarka. Heilt frå den dagen de gjekk ut or Egypt, og til de kom hit, har de sett dykk opp mot Herren.

22I Tabera, Massa og Kibrot-Hatta'ava eggja de òg Herren til harme. 2 Mos 17,7; 4 Mos 11,3.34

23Og då han sende dykk ut frå Kadesj-Barnea og sa at de skulle fara opp og ta det landet som han hadde gjeve dykk, trassa de påbodet frå Herren dykkar Gud. De trudde ikkje på han og høyrde ikkje på det han sa. 4 Mos 13,3; 14,1ff

24Så lenge eg har kjent dykk, har de vore trassige mot Herren.

Moses bed for folket

25Så låg eg på kne for Herrens åsyn i førti dagar og førti netter; for han hadde sagt at han ville rydja dykk ut.

26Og eg bad til Herren: Herre min Gud, gjer ikkje ende på folket ditt, ditt eige folk som du i ditt velde løyste ut og førte ut or Egypt med sterk hand.

27Kom i hug tenarane dine, Abraham, Isak og Jakob, og sjå ikkje på kor stridlyndt, gudlaust og syndig det er, dette folket!

28Elles kunne dei seia i det landet du førte oss ut or: «Herren makta ikkje å føra dei inn i det landet han hadde lova dei, og han hata dei. Difor førte han dei ut i øydemarka og lét dei døy der.» 4 Mos 14,16

29Dei er då ditt eige folk, som du har ført ut med di store kraft og din sterke arm.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help