1Ei tid etter bar det så til at Nakasj, kongen i Ammon, døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han.
8Då David høyrde det, sende han Joab av stad med alle dei krigsvane mennene i hæren.
9Så drog ammonittane ut og fylka seg framfor byporten. Men kongane som var komne dit, stod for seg sjølve bortpå marka.
10Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut ein flokk av dei beste stridsmennene i Israel og stelte dei opp mot aramearane.
11Resten av hæren lét han Absjai, bror sin, få hand over, og dei fylka seg mot ammonittane.
12Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg hjelpa deg.
13Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.» 1 Sam 3,18; Apg 21,14
14Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han.
15Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Absjai, bror til Joab, og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att til Jerusalem.
16Då aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, sende dei bod og baud ut dei aramearane som budde på hi sida av Eufrat. Dei kom, og over seg hadde dei Sjofak, hærføraren til Hadadeser.
17Då David fekk melding om det, samla han heile Israel og sette over Jordan. Då han kom fram til aramearane, fylka han hæren sin mot dei, og dei gav seg i strid med han.
18Men aramearane laut røma for israelittane, og David drap mannskapet på sju tusen av stridsvognene deira og felte førti tusen mann av fotfolket. Sjofak, hærføraren, fekk òg sin bane der.
19Då mennene åt Hadadeser såg at dei hadde tapt for israelittane, gjorde dei fred med David og gav seg under han. Sidan ville ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.