1To år etter hende det at farao hadde ein draum. Han tykte han stod nedmed Nilen.
2Då steig det opp or elva sju kyr, fine å sjå til og godt i hold, og dei gav seg til å beita i elvegraset.
3Etter dei kom det sju andre kyr opp or elva, stygge å sjå til og ringt i hold. Dei vart ståande attmed dei fyrste kyrne på elvebakken.
4Og dei stygge, magre kyrne åt opp dei sju fine og feite. Då vakna farao.
5Men så sovna han att og hadde ein draum til. No såg han sju tjukke, gode aks som voks på eitt og same strået.
6Etter dei skaut det opp sju andre aks, som var tynne og svidne av austavinden.
7Dei tynne aksa slukte dei sju tjukke, fulle aksa. Då vakna farao og skjøna at det var ein draum.
8Men om morgonen hadde han slik uro i seg. Han sende bod etter alle spåmenn og vismenn i Egypt. Og farao fortalde dei draumane sine; men det var ingen som kunne tyda dei for han.
9Då tok skjenkjarmeisteren åt farao til ords og sa: «Eg må minna om syndene mine i dag.
43Og han lét Josef køyra i den nest beste vogna si, og dei ropa «Abrek» for han. Såleis sette farao han over heile Egypt.
46Josef var tretti år gamal då han steig fram for farao, kongen i Egypt. Og då Josef gjekk bort frå farao, fór han gjennom heile Egypt.
47Jorda bar så det bogna dei sju åra det var overflod.
48Og han samla allslags grøde i dei sju gode åra i Egypt og lagra henne i byane. I kvar by lagra han grøda frå markene der ikring.
49Josef hauga opp korn i store mengder – som havsens sand – til dei gav opp å halda tal på det; for det var ikkje teljande.
50Før det fyrste uåret kom, fekk Josef to søner med Asenat, dotter til Potifera, presten i On.
51Den eldste kalla han Manasse. «For Gud har late meg gløyma all mi møde og heile mi ætt,» sa han.
52Den andre kalla han Efraim. «For Gud har gjeve meg born i det landet der eg leid vondt,» sa han.
53Så var dei til ende, dei sju gode åra i Egypt,
54og dei sju uåra tok til å koma, som Josef hadde sagt. Det var naud og svolt i alle land; berre i Egypt fanst det mat.
55Men snart tok alt folket i Egypt til å svelta, og dei ropa til farao etter brød. Og farao sa til dei: «Gå til Josef! Det han seier dykk, skal de gjera.»
56Nauda breidde seg ut over heile landet. Då opna Josef alle lagra og selde korn til egyptarane; for nauda var hard i Egypt.
57Og frå alle land kom det folk til Egypt og ville kjøpa korn hjå Josef; for nauda var hard over heile jorda.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.