4. Mosebok 15 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Lover om offer og soning av synd

1Herren sa til Moses:

2Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil gje dykk, og som de skal bu i,

3då kan det henda at de vil bera fram eit eldoffer for Herren – brennoffer eller slaktoffer av storfe eller småfe til godange for Herren – anten det er ein lovnad de vil oppfylla, eller det er eit friviljug offer eller eit høgtidsoffer.

4Då skal den som ber offergåva si fram for Herren, koma med eit grødeoffer: ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje.

5Saman med brennofferet eller slaktofferet skal du òg gje som drikkoffer ein fjerdedels hin vin for kvart lam.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help