Esra 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Templet vert atterreist

1Profeten Haggai og profeten Sakarja, soneson til Iddo, tala til jødane i Judea og Jerusalem; i namnet åt Israels Gud tala dei til dei.

6Dette er ei avskrift av brevet som Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne hans, embetsmennene i provinsen, sende til kong Dareios.

7Så lydde meldinga som dei sende:

Til kong Dareios.

Ver helsa!

8Kongen skal vita at vi har gjort ei ferd til Judea-distriktet, til templet åt den store Gud. Det vert no bygt opp att med tilhogne steinar, og murane vert kledde med tre. Arbeidet vert gjort med iver og har god framgang.

9Vi tala med dei eldste der og spurde: «Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?»

10Vi spurde òg kva leiarane deira heitte, for vi ville skriva opp namna og gje dei til deg.

11Dette var svaret dei gav oss: «Vi er tenarar for han som er Gud i himmelen og på jorda, og vi byggjer opp att det templet som vart reist her for mange år sidan. Det var ein stor konge i Israel som bygde og fullførte det.

12Men fedrane våre gjorde Gud i himmelen harm. Difor gav han dei i hendene på kaldearen Nebukadnesar, kongen i Babylonia; han øydela templet og førte folket bort til Babylonia. 2 Kong 25,8ff

13Men i det fyrste året Kyros var konge i Babylonia, baud han at templet skulle byggjast opp att. 1,1ff

14Kong Kyros tok òg ut or templet i Babylon dei gullkar og sølvkar som hadde høyrt Guds hus til, og som Nebukadnesar hadde ført dit frå templet i Jerusalem. Han gav dei til ein mann som heitte Sjesbassar, som han hadde gjort til statthaldar,

15og sa: Ta desse kara, far av stad og set dei i templet i Jerusalem! For Guds hus skal no byggjast opp att på same staden som før.

16Så kom då Sjesbassar til Jerusalem og la grunnvollen til Guds hus. Sidan har dei bygt på det til denne dag; men enno er det ikkje ferdig.»

17Om kongen så synest, så set folk til å sjå etter i dei kongelege skattkammera i Babylonia om kong Kyros har gjeve påbod om at templet i Jerusalem skal byggjast opp att. Lat oss så få vita kva som er kongens vilje i denne saka.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help