Klagesongane 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Sion syrgjer

1Å, kor einsam ho sit,

byen som før var så folkerik!

Ho som var stor mellom folka,

sit no enkje.

Fyrstinna mellom landa

må gjera tvangsarbeid.

2Ho græt så sårt om natta,

tårene renn på hennar kinn.

Mellom alle sine elskarar

har ho ingen som trøystar.

Alle hennar vener har svike,

dei har vorte hennar fiendar.

3Bort frå landet laut Juda fara,

ut or naud og tung trældom.

No bur ho mellom folka

og finn ikkje ro.

Alle hennar forfylgjarar nådde henne att

midt i trengslene.

4Vegane til Sion syrgjer

fordi ingen kjem til høgtidene.

Alle portane i byen er aude,

og prestane der må sukka.

Dei unge jentene er fulle av sut,

og sjølv har ho bitter sorg.

5Dei som står henne imot, har makta,

hennar fiendar kjenner seg trygge.

Herren har late henne lida

fordi hennar synder var mange.

Borna hennar laut fara i fangenskap,

fienden førte dei bort.

6Sions dotter har mist

all sin prydnad.

Hennar stormenn vart som hjortar

som ikkje finn beite.

Kraftlause gjekk dei av stad

framfor han som dreiv dei.

7I si naud og heimløyse

må Jerusalem minnast

alt det herlege ho hadde

heilt ifrå gamle dagar.

Men folket fall i fiendehand

og hadde ingen til å hjelpa.

Fiendane såg på henne og lo

fordi det var ute med henne.

8Jerusalem har synda grovt,

difor har dei uvilje mot henne.

Alle som æra henne,

vanvørder henne no,

for dei har sett henne naken.

Sjølv må ho sukka og snu seg bort.

9Ureinskapen viser seg på hennar slep;

ho hadde ikkje tenkt det skulle enda så.

Utruleg djupt har ho sokke,

og ingen trøystar henne.

«Herre, sjå mi naud,

sjå korleis fienden triumferer!»

10Fienden rette ut handa

etter alle hennar skattar.

Ho laut sjå at heidningar

kom inn i hennar heilagdom,

endå ho hadde nekta dei

å vera med i din lyd.

11Alt hennar folk må sukka

medan dei leitar etter brød.

Dei byter sine skattar i mat,

så dei kan berga livet.

«Sjå, Herre, og legg merke til

kor vanvørd eg er!»

12Å, alle de som fer framom på vegen,

gjev akt og sjå om det finst ei liding så tung

som den eg har røynt,

den Herren har late meg lida

på sin brennande vreidedag.

13Herren sende eld frå det høge,

som gjekk meg gjennom merg og bein.

Han sette ut garn for mine føter

og støytte meg unna.

Han har gjort meg einsam,

all dagen er eg sjuk.

14Han vakta på mine synder

som var knytte saman i hans hand.

Dei låg som eit åk på min nakke

og har brote mi kraft.

Herren har gjeve meg i hendene

på folk eg ikkje kan stå meg imot.

15Herren har vraka

alle dei kjemper som fanst hjå meg.

Han kalla saman ein flokk imot meg,

ville knusa mine unge menn.

I vinpressa har Herren trakka

Juda, den unge møy.

16Dette er det eg græt for,

tårene strøymer frå augo mine.

For langt borte frå meg

er dei som kunne trøysta og gje meg mot.

Det er ute med borna mine,

fienden var for sterk.

17Sion retter ut sine hender,

men det er ingen som trøystar henne.

Til strid mot Jakob har Herren mønstra

alle hans fiendar rundt ikring.

Jerusalem byd dei imot

som ei urein kvinne.

18Herren har fare rettvist fram,

for eg var ulydig mot hans bod.

Høyr på meg, alle folk,

og sjå kva eg må lida!

Mine unge jenter og gutar

laut fara i fangenskap.

19Eg ropa på mine elskarar,

men dei sveik meg.

Mine prestar og styresmenn

omkom her i byen

medan dei leita etter mat,

så dei kunne berga livet.

20Herre, sjå, eg er i naud,

det gjærer i min barm.

Hjarta snur seg i mitt bryst,

fordi eg var trassig og ulydig.

Ute har sverdet drepe mine born,

inne i huset rår døden.

21Dei høyrer kor eg sukkar,

og ingen trøystar meg.

Alle mine fiendar høyrer om mi ulukke,

og det gleder dei at du har sendt henne.

Lat han koma, den dagen du varsla,

så det går dei like ille som meg.

22Lat all deira vondskap koma deg for auga!

Gjer med dei som du gjorde med meg

for alle mine synder.

For mine sukkar er mange,

og mitt hjarta er sjukt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help