1Dette er den velsigninga som Moses, gudsmannen, lyste over israelittane før han døydde:
2Herren kom frå Sinai,
frå Se'ir stråla han fram for dei.
I ljosglans kom han frå Paran-fjellet
med heilage i tallaus mengd,
som strøymde fram på hans høgre side.
3Ja, han elskar sitt folk.
Alle hans heilage er i hans hand.
Dei set seg ned ved dine føter
og tek imot av dine ord.
4Moses gav oss ei lov,
ein eigedom for Jakobs lyd.
5Det stod fram ein konge i Jesjurun
då hovdingane i folket
kom saman med ættene i Israel.
6Gjev Ruben må leva og aldri døy ut,
gjev hans menn må auka i tal!
7Dette sa han om Juda:
Herre, høyr ropa frå Juda,
og før han heim til sitt folk!
Med sine hender strider han for det.
Ver du hans hjelp mot fiendane!
8Om Levi sa han:
Dine tummim og urim
skal vera hjå din trufaste mann,
han som du sette på prøve ved Massa
og stridde mot ved Meriba-kjelda.
9Han sa om far sin og mor si:
«Eg har aldri sett dei.»
Han kjendest ikkje ved sine brør
og ville ikkje vita av sine born.
For dei tok vare på ditt ord
og verna om di pakt.
10Dei skal læra Jakob dine bod
og Israel di lov.
Dei skal leggja røykjelse fram for din nase
og heiloffer på ditt altar.
11Herre, velsigna hans kraft,
ha hugnad i alt hans verk!
Knus hoftene på hans motstandarar,
lat aldri hans fiendar reisa seg meir!
12Om Benjamin sa han:
Herrens hjartebarn bur trygt og godt.
Herren vernar han heile dagen,
han bur imellom hans fjellsider.
13Om Josef sa han:
Gjev Herren må signa hans land med dogg,
den gode himmelgåva,
og med vatn frå havdjupet som ligg der nede,
14med den finaste avling som mognast i sol,
og det beste som gror medan månen skifter,
15med det gjævaste frå dei eldgamle fjell,
det aller beste frå dei evige høgder,
16med alt godt som fyller jorda,
og med velvilje frå han
som budde i klungeren.
Lat dette koma over Josefs hovud,
over krona på han
som er hovding mellom sine brør.
17Staseleg er hans fyrstefødde okse,
han har horn som ein villokse;
med dei stangar han folka
heilt til verdsens endar.
Dette er Efraims store hærar,
dette er Manasses sterke hop.
18Om Sebulon sa han:
Gled deg, Sebulon, når du dreg ut,
gled deg, Jissakar, i dine telt!
19Dei bed ættene koma til fjellet;
der ber dei fram dei rette offer.
Dei syg til seg rikdom frå havet
og skattar gøymde i sanden.
20Om Gad sa han:
Lova vere han som lèt Gad få rom!
Han legg seg på lur som ei løve
og riv sund både arm og hovud.
21Han såg seg ut den beste delen;
der fekk han lut som ein høgvørd førar
då hovdingane i folket møttest.
Og saman med Israel gjorde han
det som er rett for Herren,
det han har fastsett.
22Om Dan sa han:
Dan er ein løveunge
som spring fram frå Basan.
23Om Naftali sa han:
Naftali er metta med Herrens velvilje
og fylt av hans velsigning.
Han tek land i vest og sør.
24Om Asjer sa han:
Mest velsigna av søner er Asjer.
Han skal vera den kjæraste mellom brørne
og duppa foten i olje.
25Dine bommar skal vera av jern og bronse;
som dine dagar er, skal din styrke vera.
26Det finst ingen som Gud, Jesjurun.
Han fer deg til hjelp over himmelen
og rid i sitt velde på skyene.
27Ein bustad er den eldgamle Gud,
her nede er hans evige armar.
Han driv bort for deg fienden
og seier: «Ryd ut!»
28Så bur Israel trygt,
Jakobs kjelde har fred
i eit land med korn og vin,
der dogga dryp frå himmelen.
29Å, Israel, kor du er sæl!
Kven er som du?
– eit folk som får hjelp frå Herren,
ditt vernande skjold og ditt veldige sverd.
Dine fiendar skal krypa for deg,
medan du skrid fram over høgdene deira.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.