2. Mosebok 5 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Farao nektar Israel å fara

1Sidan gjekk Moses og Aron fram for farao og sa: «Så seier Herren, Israels Gud: Lat folket mitt fara, så dei kan halda høgtid for meg i øydemarka!»

6Same dagen gav farao futane og arbeidsformennene for folket dette påbodet:

7«Heretter skal de ikkje gje folket halm til mursteinen, som de før har gjort. Dei skal sjølve gå og sanka seg halm.

8Men de skal krevja like mykje murstein av dei no som før; de skal ikkje slå av på talet. For dei er late; difor skrik dei: Vi vil av og ofra til guden vår.

9Legg tungt arbeid på karane, så dei har nok å gjera og ikkje høyrer på alt lygnsnakket!»

10Då gjekk futane og arbeidsformennene ut og sa til folket: «Så seier farao: Eg gjev dykk ikkje halm lenger.

11Gå sjølve og finn dykk halm kvar de kan! Men de slepp ikkje med mindre arbeid.»

12Då spreidde folket seg ut over heile Egypt og sanka halmstrå til å ha i leira.

13Men futane dreiv dei og sa: «Gjer arbeidet dykkar ferdig, fullt dagsverk kvar dag, som då de fekk halm!»

14Og arbeidsformennene som futane åt farao hadde sett over israelittane, fekk hogg. Futane sa til dei: «Kvifor har de korkje i går eller i dag gjort ferdig så mykje murstein som de skulle, som før?»

15Då gjekk arbeidsformennene og klaga til farao og sa: «Kvifor fer du såleis med tenarane dine?

16Vi får ikkje halm, og likevel seier dei at vi skal laga murstein. Og så får vi hogg, endå det er dine folk som har skulda.»

17Men farao sa: «Late er de, late! Difor seier de: Vi vil av og ofra til Herren.

18Gå no og arbeid! Halm får de ikkje, men mursteinen skal de koma med, det fastsette talet.»

19Arbeidsformennene skjøna at dei var ille farne då det vart sagt: «De får ikkje avslag i talet på murstein – fullt dagsverk kvar dag!»

20Då dei kom ut frå farao, møtte dei Moses og Aron, som stod og venta på dei.

21Dei sa til dei: «Gjev Herren må retta augo mot dykk og døma dykk fordi de har gjort farao og tenarane hans hatige på oss. De har gjeve dei sverd i hand til å drepa oss med.»

22Då vende Moses seg atter til Herren og sa: «Herre, kvifor har du fare så ille med dette folket? Kvifor har du sendt meg? 3,10ff

23Frå den stund eg gjekk fram for farao og tala i ditt namn, har han gjort vondt mot dette folket, og du har ikkje hjelpt folket ditt.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help