2. Kongebok 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jehu rydjar ut Akabs-ætta

1Akab hadde sytti søner i Samaria. Jehu skreiv brev og sende til Samaria, til stormennene i byen, til dei eldste og til fosterfedrane for sønene åt Akab. Han skreiv:

2«Når dette brevet kjem til dykk som har kongssønene hjå dykk, og som rår over vognene og hestane, festningsbyane og våpna,

3så vel dykk ut den beste og mest dugande av sønene åt herren dykkar! Set han på kongsstolen åt far hans og strid for kongens ætt!»

4Då vart dei fælande redde og sa: «Dei to kongane kunne ikkje stå seg mot han. Korleis skal då vi greia det?»

13Der møtte han brørne til Akasja, Juda-kongen, og han spurde: «Kven er de?» «Vi er brørne til Akasja,» svara dei. «Vi skal ned og helsa på kongslyden og sønene til dronninga.»

23Då Jehu, saman med Jonadab Rekabsson, kom inn i Ba'al-templet, sa han til Ba'al-dyrkarane: «Sjå vel etter at det ikkje er nokon av dei som dyrkar Herren, mellom dykk, men berre Ba'al-dyrkarar.»

24Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor huset og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.»

25Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpensveinane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ingen sleppa unna!» Livvakta og våpensveinane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i Ba'al-templet,

33På austsida av Jordan tok han heile Gilead, landet åt Gads-ætta, Rubens-ætta og Manasse-ætta, alt frå Aroer ved Arnon-elva og nordover, både Gilead og Basan.

34Det som elles er å seia om Jehu og alt det han gjorde, alle storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.

35Jehu gjekk til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i Samaria. Og Joakas, son hans, vart konge etter han. 13,1

36Då hadde Jehu vore konge over Israel i Samaria i tjueåtte år.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help