1Usæl Ariel, Ariel,
byen der David slo leir!
Legg berre år til år,
lat høgtider koma og gå!
2Eg vil føra trengsle over Ariel
– då vert det sorg og sut,
og gjera deg til eit verkeleg Ariel.
3Eg lèt hæren min kringsetja deg,
kasta opp vollar ikring deg
og reisa skansar mot deg.
4Då skal du bøyast og tala frå jorda,
mulla fram dine ord frå støvet.
Di røyst skal stiga som daudingmål,
dine ord skal koma som kviskring frå molda.
5Men så vert flokken av dine fiendar
som fint støv
og hopen av valdsmenn som fykande agner.
Brått, i ein augneblink,
6kjem straffa frå Herren, Allhærs Gud,
med bulder og brak og veldig døn,
med vindkast, storm og øydande eld.
7Som ein draum, som eit syn om natta,
vert dei borte, dei mange folkeslag
som strider mot Ariel,
som går til åtak på byen og borga
og fører trengsle over han.
8Då går det som når den svoltne drøymer
og tykkjer at han får mat:
Når han vaknar, er han like svolten.
Det går som når den tyrste drøymer
og tykkjer at han drikk;
han vaknar maktlaus og tyrst.
Så går det med dei mange folkeslag
som strider mot Sion-fjellet.
Eit synkvervt folk9Stir på kvarandre, fulle av undring,
lat augo klinast att, og ver blinde!
Drikk dykk drukne, men ikkje av vin,
og rag ikring, men ikkje av rusdrikk!
10For Herren har rent ut over dykk
ei ånd som valdar tung svevn.
Han har late att augo dykkar – profetane,
og sveipt hovuda dykkar – sjåarane.
11Såleis har alle syner vorte dykk som orda i ei forsegla bok. Gjev dei henne til ein som skjønar skrift, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg kan ikkje, ho er forsegla.»
12Og gjev dei boka til ein som ikkje kan lesa, og seier: «Les dette!» så svarar han: «Eg skjønar ikkje skrift.»
Menneskebod og Herrens visdom13Herren sa: Fordi dette folket
held seg nær til meg med munnen
og ærar meg med lippene,
medan hjarta er langt borte frå meg,
og fordi deira age for meg
er menneskebod som dei har lært seg,
14difor vil eg framleis fara underleg fram,
underleg og underfullt mot dette folket.
Då skal visdomen åt deira vismenn forgå
og klokskapen åt dei kloke kverva. Krusmakaren og leira
15Ve dei som nede i det djupe
løyner for Herren det dei har føre!
Dei gjer sine gjerningar i mørkret
og seier: «Kven ser oss, kven veit om oss?»
16Kor bakvendt de tenkjer!
Skal ikkje krusmakaren
aktast høgare enn leira?
Kan verket seia om handverkaren:
«Han har ikkje laga meg,»
og kjeraldet om krusmakaren:
«Han skjønar seg ikkje på slikt»? Den store snunaden
17No er det berre ei lita stund,
så skal Libanon verta ein frukthage,
og det som no er frukthage,
skal reknast for skog.
18Den dagen skal dei døve høyra
ord som står skrivne i bok,
og ut or mørker og dimme
skal blinde augo sjå.
19Dei hjelpelause skal atter
gleda seg i Herren,
og dei fattige skal jubla
over Israels Heilage.
20For borte er valdsmannen,
ute er det med spottaren,
og utrudde er alle som tenkte på vondskap,
21dei som med sitt ord fekk folk dømde skuldige,
la snarer for den som hevda retten på tinget,
og dreiv skuldfrie bort med tomt snakk.
22Difor, så seier Herren,
han som er Gud for Jakobs ætt,
han som fria ut Abraham:
No skal ikkje Jakob verta til skammar,
hans andlet skal ikkje bleikna meir.
23For når han og borna hans får sjå
det mine hender har gjort imellom dei,
då skal dei halda namnet mitt heilagt,
dei skal helga Jakobs Heilage
og ottast Israels Gud.
24Dei som fer vilt i sine tankar,
skal læra skjøn,
og dei som murrar,
skal få visdom.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.