Jesaja 61 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Eit nådeår frå Herren

1Herrens Ande er over meg;

for Herren Gud har salva meg.

Han har sendt meg til å forkynna

ein gledebodskap for armingar,

til å lækja dei som har eit knust hjarta,

til å ropa ut fridom for fangar

og frigjering for dei bundne.

2Eg skal ropa ut eit nådeår frå Herren,

ein dag med straff frå vår Gud.

Eg skal trøysta alle som syrgjer,

3og gje dei syrgjande i Sion

hovudprydnad i staden for oske,

gledeolje i staden for syrgjeklede

og lovsong i staden for motløyse.

Dei skal kallast rettferds mektige tre,

som Herren har planta

for å syna sin herlegdom.

4Dei skal byggja opp att gamle ruinar,

reisa det som før vart lagt i øyde,

byggja på nytt dei nedbrotne byar,

som låg der aude frå ætt til ætt.

5Framande skal stå og gjæta dykkar sauer,

utlendingar skal dyrka dykkar jord

og stella dykkar vingardar.

6Men de skal kallast Herrens prestar,

tenarar for vår Gud skal dei kalla dykk.

Rikdomen åt folka skal de nyta,

og deira skattar skal de få.

7De skal få dobbelt att for dykkar skam.

Dei som leid vanære,

skal jubla over sin lut.

Dobbel arv skal dei få i landet,

evig glede skal dei ha.

8«For eg er Herren, som elskar rett

og hatar ran og urett.

Trufast vil eg gje dei løn

og gjera ei evig pakt med dei.

9Namngjeten vert deira ætt mellom folkeslaga,

deira etterkomarar mellom folka.

Alle som ser dei, skal skjøna

at dei er ei ætt som Herren har velsigna.»

10Eg vil gleda meg storleg i Herren,

mi sjel skal jubla i min Gud.

For han har kledt meg i frelsesskrud

og sveipt meg i rettferds kappe,

lik ein brudgom som pryder sitt hovud,

lik ei brur som tek på seg sine søljer.

11For liksom jorda lèt groen renna,

og hagen lèt sædet brydda,

så skal Herren vår Gud

la rettferd gro fram

og lovsong lyda for alle folkeslag.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help