Matteus 13 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Likningar om himmelriket(13,1–52)Såmannen(Mark 4,1–9; Luk 8,4–8)

1Same dagen gjekk Jesus ut or huset og sette seg nede ved sjøen. Kvifor Jesus talar i likningar(Mark 4,10–12; Luk 8,9–10)

10Då kom læresveinane til han og spurde: «Kvifor talar du til dei i likningar?»

11Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om himmelriket, men ikkje dei andre.

De skal høyra og høyra, men ikkje skjøna,

sjå og sjå, men ikkje skilja.

15For hjarta åt dette folket er hardt;

tungt høyrer dei med øyro,

og augo har dei late att,

så dei ikkje ser med augo,

eller høyrer med øyro,

eller skjønar med hjarta

og vender om,

så eg får lækja dei.

16Men sæle er de, for de har augo som ser og øyro som høyrer. Sennepsfrøet(Mark 4,30–32; Luk 13,18–19)

31Ei likning til sette han fram: «Himmelriket er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i åkeren sin.

32Det er mindre enn alle andre frø, men når det har vakse opp, er det større enn andre hagevokstrar; det vert til eit tre, og fuglane i lufta kjem og byggjer reir i greinene på det.»Surdeigen(Luk 13,20–21)

33Endå ei likning fortalde han dei: «Himmelriket er likt ein surdeig som ei kvinne tok og la inn i tre mål mjøl, til alt i hop var syrt.»

34Alt dette sa Jesus til folket i likningar, og han tala ikkje til dei utan i likningar.

Eg vil opna min munn og tala i bilete,

bera fram det som har vore løynt

frå verda vart til.

Jesus forklarar likninga om ugraset

36Så gjekk Jesus bort frå folket og inn i huset. Då kom læresveinane til han og sa: «Forklar oss likninga om ugraset i åkeren!»

37Han svara: «Den som sår det gode kornet, er Menneskesonen.

38Åkeren er verda. Det gode kornet er dei som eig heime i riket, og ugraset er dei som høyrer den vonde til. Skatten og perla

44Himmelriket er likt ein skatt som var gøymd i ein åker. Ein mann fann skatten og gøymde han att, og glad som han var, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte åkeren.

45Sameleis er himmelriket likt ein kjøpmann som leita etter vene perler.

46Då han fann ei svært verdfull perle, gjekk han bort og selde alt det han åtte, og kjøpte henne.

Fiskenota

47Sameleis er himmelriket likt ei not som vert kasta i sjøen og fangar fisk av alle slag.

48Når ho er full, dreg fiskarane henne opp på stranda. Så set dei seg ned og samlar den gode fisken i kjerald, men den ubrukelege kastar dei.

49Såleis skal det gå når enden på verda kjem. Englane skal fara ut og skilja dei vonde frå dei rettferdige

51Har de skjøna alt dette?» «Ja,» svara dei.

52Då sa han til dei: «Difor er kvar skriftlærd som har gått himmelriksskulen, lik ein husbond som hentar fram nytt og gamalt av det han har teke vare på.»

Jesus vert avvist på heimstaden sin(Mark 6,1–6; Luk 4,16–30)

53Då Jesus hadde fortalt desse likningane, fór han derifrå

54og kom til heimstaden sin. Der lærte han folket i synagoga deira, så dei vart reint opp i undring og spurde: «Kvar har han fått visdomen sin frå, og korleis kan han gjera slike mektige gjerningar? 7,28+; Joh 7,15

55Er ikkje dette son til tømmermannen? Heiter ikkje mor hans Maria, og brørne hans Jakob og Josef og Simon og Judas? 12,46; Mark 6,3; Joh 2,12; 6,42; 7,5; Apg 1,14

56Og systrene hans, bur dei ikkje her alle saman? Kvar har han vel alt dette frå?»

57Og dei støytte seg på han. Men Jesus sa til dei: «Ein profet vert ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin og hjå sine eigne.» Joh 4,44

58Og han gjorde ikkje mange mektige gjerningar der, fordi dei var så vantruande.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help