1Til korleiaren. Etter «Mahalat».
Ein læresalme av David.
2Dåren seier i sitt hjarta:
«Det er ingen Gud.»
Vond og stygg er deira ferd,
det finst ikkje éin som gjer godt.
3Frå himmelen skodar Gud
ned på menneska.
Han vil sjå om det finst nokon vitug,
nokon som søkjer Gud.
4Alle har falle frå Gud,
alle er dei vonde.
Det finst ikkje éin som gjer godt,
ikkje ein einaste.
5Skjønar dei då ingen ting,
desse ugjerningsmennene?
Dei sluker mitt folk som ein et opp brød,
og kallar ikkje på Gud.
6Men dei skal skjelva av redsle,
dei som aldri var redde.
For Gud skal strøya ut beina
av dei som fylkar seg mot deg.
Du lèt dei verta til skammar.
Ja, Gud har vraka dei.
7Å, gjev det må koma
frelse for Israel frå Sion!
Når Gud vender lagnaden for sitt folk,
skal Jakob jubla og Israel gleda seg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.