1Herrens ord kom til meg, og det lydde så:
2Menneske, tal profetord og sei:
Så seier Herren Gud:
Klag og rop: Å, for ein dag!
3Dagen er nær, ja, Herrens dag er nær.
Det er ein dag med mørke skyer,
ei tid med dom over folkeslag.
4Det kjem eit sverd mot Egypt.
I Nubia skal folket skjelva av angst
når egyptarar vert drepne og fell,
når rikdomen deira vert teken
og grunnmurane vert nedrivne.
5Dei som bur i Nubia, Put og Lud,
alt blandingsfolket og libyarane,
og menn i landet som dei har pakt med,
skal falla for sverd saman med dei.
6Så seier Herren:
Dei som støttar egyptarane, skal falla,
deira stolte makt skal bryta saman;
frå Migdol til Syene skal dei falla for sverd,
lyder ordet frå Herren Gud.
7Egypt skal liggja audt mellom øydelagde land,
og byane skal liggja mellom øydelagde byar.
8Då skal dei sanna at eg er Herren,
når eg set eld på Egypt,
og alle som hjelper landet, vert knuste.
9Den dagen skal sendebod frå meg dra av stad,
dei dreg ut på skip
for å skræma dei trygge nubiarane.
Dei skal skjelva av angst
når dagen kjem for Egypt.
Ja sjå, han kjem!
10Så seier Herren Gud:
Eg lèt Nebukadnesar, kongen i Babylonia,
gjera ende på den ståkande hopen i Egypt.
11Han og folket hans med han,
dei verste valdsmenn mellom folka,
skal koma dit og herja landet.
Dei skal dra sine sverd mot Egypt
og fylla landet med drepne.
12Eg lèt elvane turka ut
og sel landet til vonde menn.
Både det og alt som er i det,
lèt eg framande øydeleggja.
Eg, Herren, har tala.
13Så seier Herren Gud:
Eg vil gjera ende på avgudane,
rydja ut dei gagnlause gudane i Nof;
det skal aldri meir vera nokon fyrste i Egypt.
Såleis spreier eg redsle i landet.
14Eg legg Patros i øyde,
set eld på Soan
og held dom over No.
15Eg lèt min harme gå ut over Sin,
den sterke festningsbyen i Egypt,
og rydjar ut folkehopen i No.
16Når eg set eld på Egypt,
må Sin vri seg og skjelva.
No vert storma av fiendar,
og Nof vert teke midt på ljose dagen.
17Dei unge menn i On og Pi-Beset
skal falla for sverd,
dei andre må fara i fangenskap.
18I Takpanhes vert dagen mørk;
der bryt eg styrarstavane i Egypt,
så den stolte makta i landet tek slutt.
Mørke skyer skal liggja over byen,
døtrene der må fara i fangenskap.
19Eg fullfører domen over Egypt,
og dei skal sanna at eg er Herren.
Faraos makt er broten20I det ellevte året, den sjuande dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
21Menneske, eg har brote armen
på farao, kongen i Egypt.
Sjå, ingen har fetla han,
så han kan verta frisk att.
Ingen har lagt forbinding på han,
så han vert sterk nok til å gripa sverdet.
22Difor seier Herren Gud:
No går eg mot farao, kongen i Egypt.
Eg vil knekkja armane hans,
både den sterke og den brotne,
og sverdet slår eg or handa hans.
23Så spreier eg egyptarane mellom folka
og strøyer dei ut i landa.
24Eg gjer babylonarkongens armar sterke
og gjev han sverdet mitt i handa;
men armen til farao bryt eg,
så han ligg for hans føter
og styn med banesår.
25Når eg gjer babylonarkongens armar sterke,
men lèt faraos armar siga,
då skal de sanna at eg er Herren.
For eg legg mitt sverd i babylonarkongens hand,
og han retter det mot Egypt.
26Når eg spreier egyptarane mellom folka
og strøyer dei ut i landa,
då skal dei sanna at eg er Herren.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.