1Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Jesu Kristi apostel, og bror vår Sostenes
2helsar Guds kyrkjelyd i Korint, de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla; vi helsar òg alle som kvar på sin stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre.
3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!Takk til Gud
4Eg takkar alltid Gud for dykk, for den nåde han har gjeve dykk i Kristus Jesus. Ulike flokkar i kyrkjelyden(1,10–4,21)Åtvaring mot usemje
10Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. Guds visdom og menneskevisdom
17Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft.
18For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
20Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap?
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.