1Dette er Herrens ord som kom til Hosea, son til Be'eri, på den tid då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, og då Jeroboam, son til Joasj, var konge i Israel.Profetens ekteskap og born
2Då Herren tok til å tala til Hosea, sa han: «Gå og ta deg ei trulaus kvinne og få deg horeborn! For landet er sanneleg trulaust og fylgjer ikkje Herren.»
5Den dagen skal eg bryta sund Israels boge på Jisre'el-sletta.»
6Sidan vart ho med barn att og fekk ei dotter. Herren sa til han: «Kall henne 'Utan miskunn'! For eg vil ikkje lenger miskunna meg over Israels ætt og ikkje tilgje deira synd.
8Då ho hadde vant av 'Utan miskunn', vart ho med barn att og fekk ein son.
9Herren sa: «Kall han 'Ikkje mitt folk'! For de er ikkje mitt folk, og eg er ikkje dykkar Gud.»
10Likevel skal israelittane verta mange som havsens sand, som ikkje kan mælast eller teljast. I staden for at det no vert sagt til dei: «De er ikkje mitt folk», skal det seiast: «borna åt den levande Gud».
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.