Jesaja 30 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ve dei som søkjer vern i Egypt!

1Ve dei trassige sønene!

lyder ordet frå Herren.

Dei set i verk planar som ikkje er frå meg,

og gjer samband utan min Ande.

Såleis legg dei synd til synd.

2Dei fer av stad til Egypt

og har ikkje rådspurt meg.

Dei vil søkja vern hjå farao

og finna livd i skuggen av Egypt.

3Men det vern de søkjer hjå farao,

skal verta til skam for dykk,

og den livd de finn i skuggen av Egypt,

skal verta til vanære.

4For om Israels hovdingar kjem til Soan,

og deira sendemenn når fram til Hanes,

5så vert dei alle til skammar

ved eit folk som ikkje gagnar dei,

som korkje er til hjelp eller nytte,

men berre til skam og vanære.

6Domsord om dyra i Negev.

Gjennom eit land med naud og trengsle,

der løver og løvinner har sin heim,

der hoggorm og flygande ormar held til,

fører dei sin rikdom på eselrygg,

sine skattar på kamelpuklar

til eit gagnlaust folk.

7Den hjelp egyptarane gjev,

er ingenting verd.

Difor kallar eg landet:

«Rahab som held seg i ro».

8Gå no inn og rita dette

på ei tavle for dei!

Skriv det opp i ei bok,

så det i komande dagar

kan vera eit evig vitnemål. Vanvørdnad for Guds ord fører til fall

9Ja, dette er eit trassig folk,

søner som fer med lygn,

born som ikkje vil lyda Herrens lov.

10Dei seier til sjåarane:

«De skal ikkje sjå!»

og til profetane:

«Kom ikkje til oss

med syner om det som er rett!

Sei oss slikt som vi gjerne vil høyra,

lat oss få hildrande syner!

11Vik av frå vegen, bøy av frå stigen,

lat oss vera i fred for Israels Heilage!»

12Difor seier Israels Heilage:

Fordi de vanvørder dette ordet,

set lit til vald og svik

og stør dykk til slikt,

13difor skal denne uretten verta dykk

som rivna i ein høg mur:

Ho vert større og større,

til muren ramlar ned,

brått, i ein augneblink.

14Han går i knas som eit leirkar,

som ein slår sund utan skånsel.

Mellom stykka finst det ikkje eit krusbrot

som kan brukast til å henta eld frå åren

eller til å ausa vatn or brunnen. I stilla og tillit

15Så sa Herren Gud,

Israels Heilage:

«Vender de om og held dykk i ro,

skal de verta frelste.

I stilla og tillit

skal dykkar styrke vera.»

Men de ville ikkje.

16De sa: «Nei, med hestar vil vi fara,»

– ja, de skal så visst få fara!

«og med snøgge vogner vil vi køyra.»

Ja, snøgge er dei som forfylgjer dykk!

17Tusen skal fly når ein einaste trugar,

for trugsmål frå fem skal de røma,

til berre ein leivning er att,

som eit samlingsmerke på ein fjelltopp,

som ei merkestong på ein haug.

18Men Herren stundar etter å vera dykk nådig;

difor reiser han seg og vil visa dykk miskunn.

For Herren er rettens Gud.

Sæle er alle som ventar på han! Gud skal leia og velsigna folket sitt

19Ja, du folk som bur på Sion, i Jerusalem, du skal ikkje gråta meir! Herren vil vera nådig mot deg når du ropar til han. Så snart han høyrer det, svarar han deg.

23Då skal Herren gje regn til kornet du sår i åkeren, og brød av grøda som jorda ber, og det skal ha både saft og kraft. Den dagen skal feet ditt beita på vide marker.

28Hans pust er lik ei fløymande elv

som når heilt opp til halsen.

Han legg eit tyningsåk på folkeslaga,

eit villføringsbeisel i munnen på folka.

29Då skal de syngja

som den natt då høgtida vert innvigd,

de skal jubla av glede

som når de går med fløytespel

til Israels Berg på Herrens fjell.

30Si mektige røyst lèt Herren ljoma

og syner korleis hans arm slår ned

med brennande vreide og øydande eld,

med storm og styrtregn og kraftig hagl.

31Ja, Assur skal skjelva av redsle

når Herrens røyst lyder,

når han slår med staven.

32Kvar gong Herren gjev han eit slag

med sin tuktande stokk,

skjer det til trommelåt og lyreklang.

I striden svingar han sin arm

og kjempar imot han.

33Ein eldstad er alt laga til,

og den er tiltenkt kongen.

Bålet er gjort både høgt og vidt

med eld og ved i mengd.

Og som ein svovelstraum

set Herrens ande det i brann.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help