2. Samuelsbok 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Du er mannen!

1Så sende Herren Natan til David; og han gjekk fram for kongen og sa: «Det budde to menn i ein by. Den eine var rik og den andre fattig.

2Den rike hadde småfe og storfe i mengd;

3den fattige åtte ikkje anna enn eit einaste lite lam, som han hadde kjøpt og ale. Det voks til saman med borna hans, åt av maten hans, drakk av skåla hans, låg i fanget hans og var som ei dotter for han.

4Ein dag kom det ein ferdamann til rikingen. Men han kvidde seg for å ta noko av sitt eige småfe eller storfe og laga til åt ferdamannen som var komen til han. Han tok lammet som fattigmannen åtte, og laga det til åt gjesten.»

5Då vart David brennande harm på mannen, og han sa til Natan: «Så sant Herren lever: Den mannen som har gjort dette, skal døy!

6Og lammet skal han betala firdobbelt, fordi han gjorde dette og ikkje synte medkjensle.»

18Sjuande dagen døydde barnet. Men tenarane våga ikkje å fortelja David at guten var død; dei sa: «Når vi tala til han medan guten levde, ville han ikkje høyra på oss. Korleis skal vi då få sagt han at guten er død? Han kunne gjera noko fælt.»

19Men David såg at mennene kviskra seg imellom, og han skjøna at guten var død. Så spurde han: «Er guten død?» Dei svara: «Ja, han er død.»

20Då reiste David seg opp frå golvet, vaska og salva seg og skifte klede. Så gjekk han inn i Herrens hus, bøygde seg og tilbad. Då han kom heim att, bad han om mat. Det sette dei fram, og han åt.

21Mennene hans sa til han: «Korleis er det du ber deg åt? Medan guten endå levde, fasta og gret du. Men no, når han er død, står du opp og et.»

22Han svara: «Så lenge guten levde, fasta eg og gret. For eg tenkte med meg: Kven veit om ikkje Herren miskunnar seg over meg og lèt guten leva?

23Men kvifor skulle eg fasta no når han er død? Kan eg vel henta han attende? Eg må ein gong fara dit han er, men han kjem aldri att til meg.»Salomo vert fødd

24David trøysta Batseba, kona si. Sidan gjekk han inn til henne og låg med henne, og ho fekk ein son som ho kalla Salomo. Herren heldt av han Krig mot ammonittane

26Imedan gjekk Joab til åtak på Rabba i Ammon og tok Kongsbyen.

28Kall saman resten av folket, kringset byen og ta han! Elles kjem eg til å ta byen, og det er eg som får æra.»

29Då samla David heile hæren og fór til Rabba. Han gjekk mot byen og tok han.

30Han tok krona av hovudet på kongen deira. Ho var av gull og vog ein talent; og ho var prydd med ein edelstein. No kom ho på Davids hovud. Han tok stort hærfang i byen og førte det med seg.

31Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og jernøksar og lét dei træla ved teglomnane. Såleis gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help