Job 22 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Forlik deg med Gud!

1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2Kan eit menneske vera til nytte for Gud?

Nei, den kloke gagnar berre seg sjølv.

3Bryr Den Allmektige seg om di rettferd,

har han vinning av at du er heil i di ferd?

4Er det di gudsfrykt han refser deg for

når han fører klagemål mot deg?

5Er ikkje din vondskap stor

og dine misgjerningar utan ende?

6Du panta brørne dine utan grunn,

drog kleda av folk som var bortimot nakne.

7Den trøytte gav du ikkje vatn,

den svoltne lét du ikkje få brød.

8Som om landet tilhøyrer den som brukar makt,

og berre storfolk skal bu der!

9Du sende enkjer tomhendte bort

og nekta å hjelpa farlause born.

10Difor er snarer sette ikring deg,

brått vert du gripen av redsle.

11Det vert så mørkt at du ikkje kan sjå,

ein vassflaum skyl over deg.

12Er ikkje Gud så høg som himmelen?

Sjå stjernekvelven, kor høg han er!

13Likevel spør du: «Kva veit vel Gud?

Kan han fella dom bak skoddeeimen?

14Han er løynd av skyer og kan ikkje sjå

der han vandrar utmed himmelranda.»

15Vil du fylgja den gamle stigen

som ugjerningsmenn har trakka?

16Dei vart rivne bort før tida,

flaumen skylde vekk deira grunnvoll.

17Dei sa til Gud: «Gå frå oss!

Kva kan Den Allmektige gjera for oss?»

18Men han hadde fylt deira hus med gode ting;

nidingars råd var langt ifrå han.

19Dei rettferdige ser det med glede,

og dei skuldlause spottar dei:

20«Sanneleg, ute er det med fiendane våre,

resten av dei har elden øydt.»

21Forlik deg no med han og hald fred,

så skal lukka venda tilbake til deg.

22Ta imot rettleiing frå hans munn,

og legg deg hans ord på hjarta.

23Vender du om til Den Allmektige,

skal du atter reisast opp.

Held du urett borte frå ditt telt,

24og kastar du gullet ditt i støvet,

ditt Ofir-gull mellom steinar i bekken,

25skal Den Allmektige vera som gull for deg,

ja, som det finaste sølv.

26Då skal du gleda deg over Den Allmektige,

og lyfta andletet til Gud.

27Når du bed til han, vil han høyra deg,

og du skal gjera det du har lova.

28Det du set deg føre, skal lukkast,

og ljos skal skina på dine vegar.

29Han audmykjer dei som talar hovmodig,

men frelser dei som slår augo ned.

30Han bergar den som er fri for skuld;

har du reine hender, vert du berga.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help