1Så høyrde eg han ropa med høg røyst: «Kom hit og lat byen få si straff! Kvar og ein må ha sitt øydeleggingsvåpen i handa.»
2Og sjå, frå den øvre porten, den som vender mot nord, kom seks mann, kvar med sitt øydeleggingsvåpen i handa. Og mellom dei var det ein mann som var kledd i lin og hadde skrivesaker hangande i beltet. Dei kom og vart ståande attmed bronsealtaret.
3Då lyfte herlegdomen åt Israels Gud seg opp frå kjerubane, som han hadde vore over, og lyfte seg til dørstokken i templet. Herren ropa til mannen som var kledd i lin og hadde skrivesaker i beltet, 1,28; 10,4
4og han sa til han: «Gå gjennom byen, midt igjennom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over all den styggedomen som går føre seg der.» 2 Mos 12,7.23; Op 7,3
5Og til dei andre sa han så eg høyrde på: «Gå gjennom byen etter mannen og hogg ned for fote! Vis ikkje medkjensle, og spar ingen!
6Gamle og unge menn, unge jenter, kvinner og born skal de slå i hel og rydja ut. Men de må ikkje røra nokon av dei som har merke på seg. De skal ta til ved min heilagdom.» Og dei tok til med dei gamle mennene som stod framfor Herrens hus. 1 Pet 4,17; Op 9,4
7Då sa han til dei: «Gjer huset ureint, fyll tempelgardane med drepne! Far av stad!» Så fór dei av stad og slo ned folk i byen.
8Medan dei heldt på med det, vart eg åleine att. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda og ropa: «Å, Herre Gud, vil du tyna alt som er att av Israel, sidan du lèt din harme gå ut over Jerusalem?»
9Han svara: «Israels og Judas skuld er umåteleg stor. Landet er fullt av blodskuld, og i byen vert retten stendig krenkt. For dei seier: Herren har fare frå landet; Herren ser ikkje noko. 8,12
10Difor vil heller ikkje eg visa medkjensle eller skånsel. Eg gjev dei att for deira ferd.» 5,11; 11,21+
11Mannen som var kledd i lin og hadde skrivesaker i beltet, kom att og sa frå: «Eg har gjort som du baud meg.»
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.