1. Samuelsbok 18 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Saul vert avundsjuk på David

1Då Jonatan hadde høyrt samtalen mellom David og Saul, drogst hugen hans til David, og han fekk han så kjær som sitt eige liv.

«Saul felte fiendar i tusental,

men David i titusental.»

8Då vart Saul brennande harm. Han lika dette verset ille og sa: «Dei gjev David æra for titusentala, og meg for tusentala. No vantar det berre at han får kongedømet.»

9Frå den dagen såg Saul skeivt til David.

10Dagen etter kom det ei vond ånd frå Gud over Saul, og han vart reint frå seg inne i huset. David spela på harpa, som han kvar dag gjorde, og Saul hadde eit spyd i handa. 16,14; 19,9f

11Best det var, svinga han spydet og tenkte: «Eg vil renna det gjennom David og inn i veggen.» Men David bøygde seg unna to gonger.

12Då vart Saul redd David; for Herren var med han, men Saul hadde han vike frå.

13Difor sende Saul han frå seg og sette han til hovding over ei fylking på tusen mann. Sidan førte David hæren både ut i striden og heim att.

14David hadde lukka med seg i alt han tok seg føre; for Herren var med han. 17,37+

15Då Saul såg at det gjekk godt for David, vart han endå reddare han.

16Men heile Israel og Juda heldt av David; for han førte dei både ut i striden og heim att.

17Ein dag sa Saul til David: «Sjå, her er Merab, eldste dotter mi; henne vil eg gje deg til kone. Lat meg berre få sjå at du er ein djerv kar, som fører Herrens krigar.» For han tenkte: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistarane gjera.» 25,28

18David svara: «Kven er vel eg, og kven er frendane mine, farsætta mi, i Israel, sidan eg skal verta verson til kongen?»

19Men då tida kom at David skulle få Merab Saulsdotter, vart ho gift med Adriel frå Mehola.

20Men Mikal, dotter til Saul, hadde fått David kjær. Då Saul fekk vita det, lika han det godt.

21«Han skal få henne,» tenkte Saul. «Ho skal verta ei snare for han, så han fell i filistarhand.» Difor sa Saul til David andre gongen: «Du skal verta verson min.»

22Og til mennene sine sa han: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No må du verta verson til kongen.»

23Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Synest de det er så lite verdt å vera verson til kongen at ein fattig og lågætta mann som eg kan verta det?»

24Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara.

25Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje ynskjer anna festargåve enn førehuda av hundre filistarar; såleis vil han hemna seg på fiendane sine.» Men Saul tenkte med seg: «Då kjem filistarane til å drepa David.»

26Då kongsmennene fortalde David kva Saul hadde sagt, gledde det han å høyra at han skulle verta verson til kongen. Og før tida var ute,

27gjorde David seg ferdig og drog av stad med mennene sine. Han slo i hel to hundre filistarar, tok førehudene deira med seg og la dei alle fram for kongen, så han kunne verta verson hans. Då lét Saul han få Mikal, dotter si, til kone.

28No såg Saul at Herren var med David, og han skjøna at Mikal, dotter hans, heldt av han.

29Då vart han endå reddare David og var hans fiende all sin dag.

30Filistarhovdingane gjorde ofte hærferder. Og kvar gong dei drog ut, gjekk det betre for David enn for alle dei andre mennene til Saul, og han vann seg eit stort namn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help