1Då sa Herren til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg!
2Nektar du å la dei fara, skal eg plaga heile landet med frosk.
3Det skal yrja med frosk i elva. Dei skal kravla opp på land og koma inn i huset ditt, inn i soveromet ditt og opp i senga di, inn i husa åt tenarane dine og til folket ditt, i bakaromnar og trog.
4Ja, på deg og folket ditt og på alle tenarane dine skal froskane kravla opp.»
5Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Lyft handa og rett staven din ut over elvane og kanalane og dammane, og lat froskane koma over Egypt!»
6Då rette Aron handa ut over vatnet i Egypt, og froskane kom opp og fylte landet.
8Farao sende bod etter Moses og Aron og sa: «Bed til Herren at han må ta froskane bort frå meg og folket mitt! Då skal eg la israelittane fara, så dei kan ofra til Herren.» 9,27f; 10,16f
9Moses sa til farao: «Gjer vel og sei kva tid eg skal be for deg og tenarane dine og folket ditt at han må driva froskane bort frå deg og husa dine, så dei ikkje finst andre stader enn i Nilen!»
10Han svara: «I morgon.» Då sa Moses: «Det skal verta som du vil, og du skal få sanna at det er ingen som Herren vår Gud. 9,14; 15,11; 18,11; 5 Mos 3,24; Sal 86,8
11Froskane skal kverva bort frå deg og husa dine og tenarane dine og folket ditt. Berre i Nilen skal dei finnast.»
12Så gjekk Moses og Aron ut frå farao. Og Moses ropa til Herren for froskane skuld som han hadde ført over farao.
13Herren gjorde som Moses bad, og froskane døydde i hus og tun og ute på markene.
14Dei vart kasta saman i haugar, og teven kjendest over heile landet.
15Men då farao såg at det hadde letna, gjorde han seg hard og ville ikkje høyra på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt.
16Då sa Herren til Moses: «Sei til Aron: Rett ut staven din og slå i støvet på jorda, så skal det verta til mygg i heile Egypt!»
17Dei så gjorde. Aron rette ut handa med staven og slo i støvet på jorda. Då kom det mygg både på menneske og dyr. I heile Egypt vart alt støvet på jorda til mygg.
18Spåmennene prøvde det same med kunstene sine; dei ville få fram mygg, men greidde det ikkje. Og myggen vart sitjande på menneske og dyr.
19Då sa spåmennene til farao: «Dette er Guds finger.» Men farao gjorde seg hard og høyrde ikkje på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt.
20Då sa Herren til Moses: «Stig fram for farao i morgon tidleg når han går ned til elva, og sei til han: Så seier Herren: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg!
21For lèt du ikkje folket mitt fara, sender eg klegg over deg og mennene dine, folket ditt og husa dine. Det skal verta fullt av klegg i husa åt egyptarane og på jorda deira.
22Men den dagen gjer eg eit unnatak for Gosen, der folket mitt bur; der skal det ikkje vera klegg. Då skal du sanna at eg, Herren, er i landet.
23Eg vil gjera skil på mitt folk og ditt folk. I morgon skal dette teiknet henda.»
24Herren gjorde som han hadde sagt, og det kom ei mengd med klegg inn i husa åt farao og tenarane hans. Heile Egyptarlandet vart herja av klegg.
25Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa: «Gå av og ofra til dykkar Gud her i landet!»
26Moses svara: «Det kan vi ikkje gjera. For det vi ofrar til Herren vår Gud, er ein styggedom for egyptarane. Om vi midt for augo på dei ofra slikt som er ein styggedom for dei, ville dei ikkje då steina oss? 1 Mos 43,31; 46,34
27Vi vil fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud, som han har sagt oss.» 3,18+
28Då sa farao: «Eg vil la dykk fara, så de kan ofra til Herren dykkar Gud i øydemarka. Men de må ikkje fara langt. Bed for meg!»
29Moses svara: «Ja, no går eg ut og bed til Herren, og i morgon skal kleggen vera borte frå farao og tenarane hans og folket hans. Farao må berre ikkje narra oss meir, men la folket fara, så dei kan ofra til Herren.»
30Så gjekk Moses ut frå farao og bad til Herren.
31Og Herren gjorde som Moses bad. Kleggen vart borte frå farao og tenarane hans og folket hans; ikkje ein vart att.
32Men farao gjorde seg hard denne gongen òg; han lét ikkje folket fara.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.