1Når nokon høyrer einkvan lysa ei forbanning, og han kan vitna, fordi han har sett eller fått vita noko, men likevel ikkje seier frå, då syndar han og fører skuld over seg. Skuldofferet
14Herren tala til Moses og sa:
15Når nokon av vanvare tileignar seg eitkvart som er vigt til Herren, og såleis gjer seg skuldig i svik, skal han koma til Herren med ein lytelaus ver av feet, verdsett i sølvsekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen. Det er skuldofferet hans. 4 Mos 5,5f
16Det han med urett har tileigna seg av det heilage, skal han gje vederlag for og leggja til ein femtepart av verdien. Han skal gje det til presten, og presten skal gjera soning for han med skuldofferveren, så han får tilgjeving.
17Når nokon utan å vita det syndar mot eit av Herrens bod og gjer eitkvart som han ikkje har lov til, og såleis fører skuld over seg og ber på misgjerning,
18då skal han koma til presten med eit skuldoffer, ein lytelaus ver av feet, verdsett som eit fullgodt offer. Og presten skal gjera soning for han for den synda han har gjort av vanvare, utan å vita om det, så han får tilgjeving.
19Det er eit skuldoffer. Han har synda mot Herren og ført skuld over seg.
20Herren tala til Moses og sa:
21Når nokon syndar og ber seg trulaust åt mot Herren, med di han lyg for landsmannen sin om eitkvart han har fått overlate eller tiltrutt, eller om eitkvart han har røva eller teke frå landsmannen sin med vald,
22eller han har funne noko som ein annan har mist, og så nektar for det, eller han sver falskt om ei eller anna synd som eit menneske kan gjera,
23då skal den som har synda og ført skuld over seg, gje att det han har røva eller teke med vald, fått i forvaring eller funne etter at det var bortkome.
24Såleis skal det vera når nokon nektar og sver falskt òg. Han skal gje det att med full verdi og leggja til ein femtepart. Same dagen som skulda hans vert kjend, skal han gje det til eigaren.
25Han skal koma til Herren med eit skuldoffer, ein lytelaus ver av feet, verdsett som eit fullgodt offer, og gje han til presten.
26Og presten skal gjera soning for han for Herrens åsyn, så han får tilgjeving for alt det han har ført skuld over seg med.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.