Salmane 69 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Brennhug for ditt hus har ete meg opp

1Til korleiaren. Etter «Liljene».

Av David.

2Frels meg, Gud!

Vatnet når meg heilt til halsen,

3eg har sokke ned i ei botnlaus myr,

der det ikkje er feste for foten.

Eg er komen ut på djupet,

og straumen riv meg bort.

4Eg har ropa meg trøytt,

det brenn i strupen.

Augo mine er dimme,

eg har venta så lenge på min Gud.

5Fleire enn håra på mitt hovud

er dei som hatar meg utan årsak.

Mange er dei som vil meg til livs,

som er mine fiendar utan grunn.

No må eg gje vederlag

for det eg ikkje har røva.

6Gud, du kjenner min dårskap,

mine synder er ikkje løynde for deg.

7Lat ikkje dei som vonar på deg,

Herre, Allhærs Gud,

verta vonbrotne over meg!

Lat ikkje dei som søkjer deg,

verta til skammar for mi skuld, Israels Gud!

8For di skuld må eg tola spott;

mitt andlet raudnar av skam.

9Eg har vorte ein framand for brørne mine,

ein ukjend mann for sønene åt mor mi.

10Ja, brennhug for ditt hus har ete meg opp;

spottord frå dei som spottar deg,

har falle på meg.

11Når eg gret og fasta,

vart eg spotta for det.

12Når eg tok på meg syrgjeklede,

vart eg til eit ordtak for dei.

13Dei snakkar om meg når dei sit i porten,

og syng om meg i sine drikkelag.

14Men, Herre, eg vender meg til deg

med mi bøn i nådens tid.

Svar meg, Gud, i di store miskunn,

du som er ein trufast hjelpar.

15Berga meg, så eg ikkje søkk i gjørma,

lat meg verta berga frå dei som hatar meg,

og frå det djupe vatnet!

16Lat ikkje straumen riva meg bort,

lat ikkje djupet gløypa meg,

eller brunnen lata att sin munn over meg!

17Svar meg, Herre, god og trufast som du er,

vend deg til meg i di store miskunn!

18Løyn ikkje andletet for din tenar!

For eg er i trengsle.

Skund deg og svar meg!

19Kom til meg og fri meg ut,

berg meg frå mine fiendar!

20Du kjenner til korleis eg vert spotta,

kva skam og vanære eg må tola;

alle mine fiendar veit du om.

21Deira spott har knust mitt hjarta,

det kan ikkje lækjast.

Eg vona på medynk, men det var fåfengt,

på folk som kan trøysta, men eg fann ingen.

22Dei hadde gift i maten min,

for torsten gav dei meg eddik å drikka.

23Lat bordet deira verta ei snare

og offermåltidet ei felle for dei.

24Lat augo deira dimmast,

så dei ikkje kan sjå!

Lat alltid deira hofter skjelva!

25Renn ut din vreide over dei,

lat din brennande harme nå dei!

26Lat leiren deira verta aud,

så ingen bur i deira telt.

27For dei forfylgjer den du har slege,

og aukar pinsla åt den du har gjennomstunge.

28Legg skuld til den skulda dei har,

lat dei ikkje få del i di frelse!

29Lat dei strykast ut or livsens bok

og ikkje skrivast opp med dei rettferdige.

30Men eg er arm og full av liding;

Gud, lat di frelse verna meg!

31Eg vil prisa Guds namn med song

og hylla han med takkesong.

32Det vil Herren heller ha enn offerdyr,

enn oksar med horn og klauver.

33Dei hjelpelause skal sjå det med glede.

Gjev de må leva,

de som søkjer Gud!

34For Herren høyrer bøna åt dei fattige,

han vanvørder ikkje sine eigne som er fangar.

35Himmel og jord skal prisa han,

havet og alt som rører seg der.

36For Gud vil frelsa Sion

og byggja opp att byane i Juda.

Folk skal få bu der og eiga landet.

37Hans tenarars ætt skal arva det,

dei som elskar hans namn, skal bu der.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help