1Ein læresalme av Asaf.
Lyd, mitt folk, på mi lære,
vend øyra til orda frå min munn!
2Eg vil opna munnen og tala i bilete,
bera fram gåtefull tale frå gamal tid.
3Det vi har høyrt og kjenner til,
det våre fedrar har fortalt oss,
4det døl vi ikkje for deira born.
Vi vil fortelja til ætta som kjem,
om Herrens herlege verk og hans velde,
om alle dei under han har gjort.
5Han gav sine bod i Jakob
og sette ei lov i Israel.
Den baud han våre fedrar
å gjera kjend for sine born.
6Han ville at den komande ætt,
dei born som sidan vart fødde,
skulle læra lova å kjenna.
Så skulle dei stå fram
og kunngjera henne for sine born,
7for at 'dei' kunne setja si lit til Gud
og ikkje gløyma Guds gjerningar,
men nøye halda hans bod.
8Dei skulle ikkje verta som sine fedrar,
ei tverr og trassig ætt,
ei ætt som ikkje var fast i hug
og ikkje var trufast mot Gud i si ånd.
9Efraims søner, væpna med bogar,
tok ut og rømde på stridens dag.
10Dei heldt seg ikkje til Guds pakt
og nekta å fylgja hans lov.
11Dei gløymde hans store gjerningar
og dei under han hadde late dei sjå.
12Han gjorde under for deira fedrar
på Soan-marka i Egypt.
13Han kløyvde sjøen og førte dei over,
medan han lét vatnet stå som ein voll.
14Om dagen leidde han dei i ei sky,
og kvar natt i ein lysande eld.
15Han kløyvde fjell i øydemarka
og gav dei vatn å drikka,
rikeleg som frå havsens djup under jorda.
16Han lét bekker strøyma fram or berget
og vatnet renna som elvar.
17Men dei heldt ikkje opp med å synda mot han,
dei trassa Den Høgste i øydemarka.
18Med vitende og vilje sette dei Gud på prøve
då dei kravde mat etter eiga lyst.
19Dei tala imot han og sa:
«Kan Gud duka bord i øydemarka?
20Han slo på berget så vatnet rann,
og bekkene fløymde fram.
Men kan han òg gje oss brød
og syta for kjøt til sitt folk?»
21Då Herren høyrde det, vart han harm.
Ein eld braut ut mot Jakob,
Guds vreide loga mot Israel,
22fordi dei ikkje trudde på Gud
og ikkje leit på hans frelse.
23Så gav han skyene påbod
og opna dørene til himmelen;
24han lét manna regna til føde for dei,
gav dei korn frå himmelen.
25Englebrød fekk menneska eta;
Gud sende mat, og dei vart mette.
26Han lét austavinden blåsa frå himmelen,
dreiv sønnavinden fram med si kraft.
27Han lét kjøt regna ned til dei som støv,
flygande fuglar som havsens sand.
28Midt i leiren lét han dei falla,
rundt ikring deira bustader.
29Dei åt, og alle vart mette;
han sende dei det dei kravde.
30Men før dei hadde stetta trongen,
då dei endå hadde mat i munnen,
31loga Guds vreide opp imot dei.
Han drap dei sterkaste mellom dei,
slo Israels unge stridsmenn til jorda.
32Likevel heldt dei fram med å synda
og trudde ikkje på hans under.
33Så lét han deira dagar kverva som ein pust,
deira leveår enda med redsle.
34Når han drap nokon, søkte dei han,
då vende dei om og spurde etter Gud.
35Dei kom i hug at Gud er deira berg,
at Den Høgste Gud er deira utløysar.
36Likevel narra dei han med sine ord
og laug for han med si tunge.
37I sitt hjarta heldt dei ikkje fast ved han,
dei var ikkje trugne mot hans pakt.
38Men han var miskunnsam;
han tilgav synda og tynte dei ikkje.
Gong på gong heldt han att sin vreide
og lét ikkje all sin harme bryta fram.
39Han kom i hug at dei berre var menneske,
ein vindpust som fer av stad og vert borte.
40Men dei trassa han ofte i øydemarka
og gjorde han sorg i audna.
41Atter og atter sette dei Gud på prøve
og krenkte Israels Heilage.
42Dei hugsa ikkje at han greip inn
den dagen han fria dei frå fienden,
43då han viste sine teikn i Egypt,
sine under på Soan-marka.
44Han gjorde elvane der til blod,
ingen kunne drikka or bekkene.
45Han sende imot dei klegg som beit,
og frosk som herja mellom dei.
46Han gav deira avling til gnagaren,
deira grøde til grashoppesvermen.
47Han øydela vintrea deira med hagl
og morbærtrea med rimfrost.
48Han lét sjukdom koma på feet,
sende pest over buskapen deira.
49Han sende mot dei sin brennande harme,
vreide og ilske og naud,
ei sendeferd av ulukke-englar.
50Han gav rom for sin vreide
og sparte dei ikkje for døden,
men gav deira liv til pesten.
51Han slo alle fyrstefødde i Egypt,
den beste kraft i hamittartelta.
52Så lét han sitt folk ta ut som sauer,
som ei hjord i øydemarka førte han dei.
53Han leidde dei trygt, og dei reddast ikkje,
sjøen løynde deira fiendar.
54Han førte dei til sitt heilage land,
til fjellet han vann med si høgre hand.
55Andre folk dreiv han bort for dei;
han skifte ut deira land som ein arv
og lét Israels ætter bu i deira telt.
56Men dei eggja og trassa Den Høgste Gud
og retta seg ikkje etter hans påbod.
57Dei fall frå og var trulause som sine fedrar,
dei sveik, lik ein boge som slaknar.
58Dei krenkte han med sine offerhaugar,
med avgudsbilete eggja dei han.
59Gud høyrde det og vart harm,
han vraka Israel heilt og fullt.
60Han gav opp sin bustad i Sjilo,
det teltet han budde i mellom menneske.
61Si makt lét han førast bort som hærfang,
sin herlegdom gav han i fiendehand.
62Han gav sitt eige folk til sverdet,
for han var harm på folket.
63Elden øydde dei unge stridsmenn,
jentene fekk ingen bryllaupssong.
64Prestane i folket fall for sverd,
og enkjene fekk ikkje halda syrgjehøgtid.
65Då vakna Herren som or ein svevn,
lik ein stridsmann som vaknar or rusen.
66Han slo sine motstandarar tilbake
og førte evig skam over dei.
67Han støytte bort Josefs telt
og valde ikkje Efraims-ætta.
68Men Juda-ætta valde han ut
og Sion-fjellet, som han elskar.
69Han bygde sin heilagdom himmelhøg,
og grunnla han for alltid liksom jorda.
70Han valde ut David, sin tenar,
og henta han frå sauekvea.
71Han tok han bort frå lamsauene
og sette han til hyrding for Jakob, sitt folk,
for Israel, sin eigedom.
72Og David gjætte dei med ærleg hjarta,
han leidde dei med kunnig hand.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.