1Herren er konge, han har kledt seg i høgd,
Herren har kledt seg og butt seg med kraft.
Jorda står fast, ho kan ikkje rikkast.
2Fast står din kongsstol frå gamal tid;
du er frå æve, Gud.
3Frå straumane steig det, Herre,
frå straumane steig det eit drøn;
det steig eit brus frå straumane.
4Men herlegare enn den veldige vassflaum,
herlegare enn havsens brotsjøar,
er Herren i det høge.
5Dine lovbod er pålitelege.
Heilagdom skal pryda ditt hus
i lange tider, Herre.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.