Klagesongane 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Klage over Sions undergang

1Å, kor gullet har mist sin glans,

kor det fine gullet er skjemt!

Dei heilage steinane ligg strøydde

på alle gatehjørne.

2Å, Sions gjæve søner,

verde si vekt i reint gull,

no vørdest dei berre som leirkar,

eit verk av krusmakarhand.

3Jamvel sjakalar held juret fram,

så ungane får suga.

Men kvinnene i mitt folk er hjartelause;

dei liknar strutsen på aude sletter.

4Spedborna er så tyrste

at tunga heng fast ved ganen.

Småborna tiggar om brød,

men ingen gjev dei ein bit.

5Dei som før åt fine retter,

ligg forkomne på gatene.

Dei som før vart borne på skarlak,

ligg no på avfallshaugen.

6Den synd mitt folk har gjort,

er verre enn synda i Sodoma,

som vart lagt i grus på ein augneblink

utan at nokon lyfte ei hand.

7Sions hovdingar var reinare enn snø

og kvitare enn mjølk.

Kroppen deira var raudare enn korallar,

dei såg ut som safir.

8No ser dei svartare ut enn sot,

ein kan ikkje kjenna dei att på gata.

Dei er berre skinn og bein,

huda er turr som knusk.

9Dei som fall for sverd, var betre farne

enn dei som svalt i hel;

for dei tærtest bort og døydde

fordi jorda ikkje gav grøde.

10Kvinner som før var milde og kjærlege,

koka sine eigne born.

Borna vart til føde for dei

då mitt folk vart knust.

11Herren rende ut sin harme,

auste ut sin brennande vreide.

På Sion kveikte han ein eld

som øydde alt til grunnen.

12Ingen konge på jord,

nei, ingen i heile verda

kunne tru at ein motstandar eller fiende

ville koma inn gjennom Jerusalems portar.

13Men det hende

fordi profetane synda

og prestane førte skuld over seg.

Midt i byen rende dei ut

blod av rettferdige menn.

14Som blinde flakka dei ikring

i gatene, sulka med blod,

så ingen kunne røra

kleda dei hadde på seg.

15«Av vegen! Urein!» ropa folket til dei.

«Av vegen, av vegen! Kom ikkje nær!»

Når dei rømer og vildrar ikring,

vert det sagt mellom folkeslaga:

«Dei får ikkje vera her lenger.»

16Herren sjølv har spreitt dei,

han ansa dei ikkje lenger.

Dei vørde ikkje prestane

og hadde ikkje medynk med dei gamle.

17Vi stirte framleis etter hjelp

til augo vart såre, men fåfengt.

Frå vårt vakttårn speida vi etter eit folk

som ikkje kunne hjelpa.

18Dei lurte på våre steg,

så vi ikkje kunne gå på gatene.

Vår ende var nær, vår tid var ute,

ja, vår siste stund var komen.

19Dei som forfylgde oss, var snarare

enn ørnar i flòg under himmelen.

Over fjella jaga dei oss,

i øydemarka lurte dei på oss.

20Vår livsande, Herrens salvevigde,

vart fanga i deira fallgraver.

Det var om han vi tenkte:

«I livd av han skal vi leva mellom folka.»

21Fagna og gled deg, Edoms dotter,

du som bur i Us-landet.

Til deg òg skal det rettast eit staup;

du skal verta drukken og kle deg naken.

22Di skuld er kvitta, Sions dotter,

aldri meir vil han føra deg bort.

Men di misgjerning straffar han, Edom,

og dine synder legg han i dagen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help