Jeremia 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Bryt dykk nytt land!

1Israel, dersom du vender om,

så vend om til meg,

lyder ordet frå Herren.

Tek du bort dei avskyelege gudane dine,

så eg aldri ser dei meir,

skal du sleppa å flakka heimlaus ikring.

2Og sver du ærleg, rett og rettvist:

«Så sant Herren lever»,

skal folka verta velsigna i han

og prisa seg sæle i han.

3Så seier Herren til mennene i Juda

og til dei som bur i Jerusalem:

Bryt dykk nytt land,

og så ikkje meir mellom klunger!

4Omskjer dykk for Herren,

ta bort dykkar hjartans førehud,

de Juda-menn og Jerusalems-buar!

Elles skal harmen min loga som eld

og brenna utan at nokon sløkkjer,

for alt det vonde de har gjort. Ulukka frå nord

5Kunngjer dette i Juda,

rop det ut i Jerusalem:

Lat hornet ljoma i landet,

og rop av full hals:

Samla dykk og lat oss gå

inn i festningsbyane!

6Lyft hærmerket og før det til Sion!

Berga dykk og stogga ikkje!

For eg sender ei ulukke frå nord,

ei veldig øydelegging.

7Ei løve stig opp or kjerret.

Ein som herjar mellom folka,

tek ut og fer frå sin stad;

han vil gjera landet ditt til ei audn.

Byane dine skal leggjast i grus,

så ingen kan bu der.

8Bind difor syrgjeplagg om livet,

set i med klagerop og hyl!

For Herrens brennande vreide

har ikkje vendt seg frå oss.

9Den dagen, lyder ordet frå Herren,

skal kongen og hovdingane missa motet.

Prestane skal stivna av redsle

og profetane stå der lamslegne.

10Eg sa: Å, Herre Gud,

du har sanneleg svike

dette folket og Jerusalem

då du sa: «De skal ha fred»,

og så sit sverdet i strupen på oss.

11På den tid skal det seiast

til dette folket og til Jerusalem:

Ein vind som dirrar av hete,

er på veg mot folket mitt

frå dei snaue høgdene i øydemarka,

ikkje som når ein kastar og reinsar korn,

12nei, ein sterkare storm kjem hit på mitt bod.

No vil eg òg fella dom over dei.

13Som uversskyer stig fienden opp;

hans vogner er som ein storm,

hans hestar snøggare enn ørnar.

Ve oss, det er ute med oss!

14Jerusalem, reinsa hjarta ditt for vondskap,

så skal du verta berga.

Kor lenge vil du hysa

vonde tankar i hugen din?

15Høyr, det kjem eit bod frå Dan,

ei ulukkemelding frå Efraims-fjella.

16Sei frå til folk: Der er dei!

Rop det ut over Jerusalem!

Fiendar kjem frå land langt borte,

dei set i med hærrop mot byane i Juda.

17Som vaktmenn på ein åker kringset dei landet,

fordi det var trassig mot meg,

lyder ordet frå Herren.

18Di åtferd og dine gjerningar

har valda deg dette.

Det er den beiske frukt av din vondskap;

no gjeld det ditt liv. Eg såg –

19Å, bringa mi, bringa mi!

Eg vrid meg i verk.

Å, veggene i hjarta mitt!

Hjarta mitt ankar seg, eg kan ikkje teia.

Eg høyrer lyden av horn og hærrop.

20Samanbrot på samanbrot melder dei,

ja, heile landet er herja.

Brått vert telta mine øydelagde,

teltdukane rivnar i ein augneblink.

21Kor lenge må eg sjå hærmerke

og høyra hornljom?

22Ja, fåvist er mitt folk,

dei kjenner ikkje meg.

Uvituge søner er dei

og skjønar ingen ting.

Glupe er dei til å gjera vondt,

men dei har ikkje vit til å gjera det gode.

23Eg såg på jorda – ho var aud og tom,

og på himmelen – ljoset var borte.

24Eg såg på fjella – dei skalv,

og alle haugane bivra.

25Eg såg – det fanst ikkje eit menneske,

og alle fuglane under himmelen var flogne.

26Eg såg – det grøderike landet var ei øydemark,

og alle byane var nedrivne.

Det hadde Herren gjort

i sin brennande vreide.

Herrens rådgjerd

27Så seier Herren:

Heile landet skal verta ei audn,

men eg gjer ikkje ende på det.

28Difor syrgjer jorda,

og himmelen der oppe svartnar.

For eg har tala og lagt min plan,

eg gjer han ikkje om og tek han ikkje att.

29For gnyen av hestfolk og bogeskyttarar

rømer kvar by.

Dei gøymer seg i tettskogen

og stig opp på hamrane.

Alle byane er folketome,

ingen bur i dei.

Sion pryder seg til fånyttes

30Du som er herja, kva vil du gjera?

Om du kler deg i skarlak

og pryder deg med gullstas,

om du gjer augo store med sminke,

gjer du deg fager til fånyttes.

Dine elskarar vanvørder deg,

dei står deg etter livet.

31Eg høyrer støn som av ei kvinne i rier,

skrik som når ho føder for fyrste gong.

Det er Sions dotter som ropar;

ho syp etter anden,

retter ut hendene og seier:

«Ve meg, maktlaus sig eg om

i hendene på mordarar!»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help