1Då Jesus såg folkehopen, gjekk han opp i fjellet. Der sette han seg, og læresveinane samla seg om han.
2Då tok han til ords og lærte dei:
3Sæle dei som er fattige i seg sjølve,
himmelriket er deira.
4Sæle dei som syrgjer,
dei skal verta trøysta.
5Sæle dei tolsame,
dei skal arva jorda.
6Sæle dei som hungrar og tyrstar etter rettferda,
dei skal verta metta.
7Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.
8Sæle dei som er reine i hjarta,
dei skal sjå Gud.
9Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.
10Sæle dei som vert forfylgde for rettferd,
himmelriket er deira.
11Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis. Saltet på jorda og ljoset i verda(Mark 9,50; 4,21; Luk 14,34–35; 11,33)
13De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned.
14De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast. Lov og oppfylling
17Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla. Drap og vreide
21De har høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal koma for domstolen.
23Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at ein annan har noko å klaga deg for, Eid og sanning
33De har òg høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje sverja falskt, men halda det du med eid har lova for Herren.
42Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg.
Elska fiendane dykkar!(Luk 6,27–28.32–36)43De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.